Natt til 27.mars stiller me klokka ein time fram igjen - tjohoo - klar for sommartid og lange kveldarSmile. Har du samstundes lyst til å delta i den verdsomspennande klimakampanjen Earth Hour, så kan du enkelt gjere det ved å sløkkja alle lys i ein time frå 20.30 laurdag 26. mars.

Visste du forresten at sommartida blei brukt for første gong i Norge og resten av Europa under 1.verdenskrig i 1916. Deretter var det pause heilt til 2. verdskrig; då innførte igjen Norge sommartid. Etter krigen var det "av og på" igjen med sommarstida. Først i 1996 blei sommartid frå siste søndag i mars til siste søndag i oktober innført som fast ordning slik som EU-landa.

Tide Sjø melder at ferjesambandet Tau-Stavanger vil få nokre endringar natt til 27 pga "klokkestillinga": Avgangen frå Tau kl 02.00 og avgangen frå Stavanger kl 03.00 vil utførast etter "vintertid". Avgangen frå Tau kl 04.15 og frå Stavanger kl 05.00 blir INNSTILT.


Earth Hour er ei verdsomspennade klimakampanje, og tanken er m.a. å setje fokus på vårt store globale energiforbruk og kva me som enkeltpersonar/små lokalsammfunn kan gjere for å redusere dette. I 2010 deltok 162 norske kommunar, 360 bedrifter, 150 organisasjonar og etatar med ei lang rekke kjende bygningar - og 1,8 millionar nordmenn over 15 år. Saman sløkte me seks millionar 40 watts lyspærer. Kor mange klarer me i år? Både Strand kommune og Hjelmeland kommune deltar, og oppmodar sine innbyggjarar å støtte aksjonen.

Kanskje TVn og PCn kan få ein liten pause ? - til fordel for ein godprat eller litt brettspel i staden?
Litt av ei utfordring i "beste sendetid" folkensWink

FaceBook
Facebook