Siste nytt
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
- Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
- Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Nytt frå Aftenbladet
- Stor aksjonær frykter at Jærens største grunneier kan tape omdømme midt i en pandemi
- Fire spørsmål og svar: Hva kan vi forvente av årets vinterferie?
- Eiendomsutvikler og kjøpesenter i krangel om gangbro: Krever 3,6 millioner
- Farvel til historiens verste president
- Ford må tilbakekalle 3 millioner biler
TRENINGSROMMET ER OPE IGJEN !
Jippi - etter ein lang korona-pause har òg me her på Jøsneset fått lov å opne treningsrommet igjen Rommet er ope for alle som betaler medlemsavgift og som er friske/symptomfrie. Kun inngang via garderobedør med kodelås ! Her er meir INFO OG TRENINGSREGLAR.
JONSOKFEIRING I SKIFTUSTRANDA
Tradisjonen tro - med litt koronavri - blir det felles jonskofeiring - les meir på PLAKATEN
Høyring - Utvida produksjon på Fosså-lokaliteten.
Bygdarådet melder at de har fått søknad om utvida produksjonsvolum av laks på lokaliteten på Fosså på høyring. Bygdarådet vil sende ein uttale, og informerer om at dette er ei open høyring som kven som vil kan sende uttale til på eigen hand. De kan òg ta kontakt med Bygdarådet ift kva dei har gjort/meint tidlegare ift lokaliteten. Høyringsfristen er 21.juni. Her ligg meir informasjon og søknadsdokumenter.
Jøsneset bygdaråd, v/Hanne Tjeltveit Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Strandrydde-pengar frå Mowi
Jøsneset Bygdaråd har sendt denne meldinga:
"I forbindelse med strandryddingen me hadde så va der mye tilbakemelding på kor enormt mye tau som låg i strendene. Bygdarådet tok derfor kontakt med Mowi og sendte over bilder og ba om ein kompensasjon for jobben som blei gjort av frivillige i bygda. Mowi svarte at denå har gått over strandsonen fra Bastlid til Knutsvik og vil fortsetta arbeidet. Mowi sponsar Smashing Jøsneset kvart år, men sjøl om ikkje det blir arrangert i år, så får me likevel dei 12.500 kr for innsatsen som er gjort i strendene. TAKK til alle som har vore med å bidratt med rydding, og TAKK til Mowi for den positive responsen på henvendelsen"
Flottaste utsikten - Røssenibben !
Det var varmen og romantikken som seira i årets Hardhausen på Jøsneset. Juryen falt for dette bildet av to 1.gongs-Hardhausar, ja, som første gong gjekk dei 4 nutane NordaHøgaste, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. Og flott at dei ikkje berre sprang på, men faktisk tok seg tida til å sitje ned, vere til stades, nyte sola, fjordutsikten og kvarandre ! Fotograf er Iren Einervoll, og det er Malin Fuglestein og Lars Erik Grunnevåg som nyt flottaste utsikten frå Røssenibben.
Hardhausen Light 2020
Ei fantastisk pinsehelg som skapt for Hardhausar og andre hausar ! Pinseafta var det 19 stk som meldte inn løysingsordet frå dei 4 toppane, altså 19 Hardhausar. Og 2 stk melde inn frå 3 nutstur. Me oppmodar om å ta turen for topp til topp eller frå post til post ila pinsehelga. Meld gjerne inn frå turar til dei andre av dei totalt 10 turpostane på Jøsneset også, så er du med i trekning av ein premie ! Eigen premie for barn under 14 år. Husk òg fotokonkurransen "Flottaste utsikten". Følg med på JøSNESET SI FACEBOOKSIDE - der blir innsendte foto lagt ut . Og her finn du meir info og Turkart Jøsneset
Foto: utsikt frå Norda Høgaste, Iren Einervold