Siste nytt
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
- Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
- Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Nytt frå Aftenbladet
- Reinkind har funnet VM-formen. Slik skal han få Tangen til å briljere.
- – Å undergrave Sentrumsplanen til at ingenting er vedtatt, bare planlagt, er feil retning å gå
- Stor aksjonær frykter at Jærens største grunneier kan tape omdømme midt i en pandemi
- Fire spørsmål og svar: Hva kan vi forvente av årets vinterferie?
- Eiendomsutvikler og kjøpesenter i krangel om gangbro: Krever 3,6 millioner
Austadsvingen på plass !
I små bygder er det kjekt å glede seg over dei små ting Det "drypp"ut med lokale stadnamnskilt i terrenget ! Denne gongen er det Austadsvingen som er blitt pryda med sitt eige skilt. Ja, du veit vel at Austadsvingen er første svingen på veg opp den bratte, svingete vegen mot Åsland. Og går du eit par hundre meter lengre opp, så ser du eit skilt som det står GEITABERGET på - så då veit du kor det òg er ! Kjekt, ikkje sant ! Og kvar sving oppover mot Åsland har sitt namn, og små ekrer og haugar har òg namn. Namna har me, men skilta er ikkje lagd. Har du lyst å frese dei ut ? Alt utstyr ligg klar på sløydsalen for den som har lyst å gyve laus ! Kontakt Svanhild på97 00 76 36 i såfall !
foto og skiltmontør: Kåre Nesvik
Bli med å få strender, veger og bed fine til 17.mai !
Les meir: Bli med å få strender, veger og bed fine til 17.mai !
17.mai på Jøsneset 2020
17.mai 2020 kjem definitivt til å gå inn i historia som ein svært spesiell nasjonaldagsfeiring. Pga koronasituasjonen er det ikkje mogleg å feire så feiande flott i lag, slik me er verkeleg er kjent for her i Norge. Heller ikkje på vesle Jøsneset kan årets feiring bli heilt som vanleg. Sjølv om me er få i bygda, så vil dei nasjonale reglane slå ut òg her, og me kan nok ikkje samlast i eit tog eller på ein felles stad. Årets komitè har hatt nettbaserte møter, og er samde om at ein form for markering, det blir det. Det som er trygt er naturen og nettet ! Så det blir sannsynlegvis ein kombinasjon av nettbasert overføring og bruk av naturen og turstiane våre ! Og ja: det blir tale, og den blir både lokal og ungdommelig: Malena Altamirano !! Nasjonalsangen skal òg bli spelt, så då kan de synge med ! Og me heisar sjølvsagt flagget heilt til topps! Me satsar òg på ein form for konkurransar og premieutdeling. Men maten må den enkelte familie stå for sjølv i år !
Me har kanskje ekstra stor grunn til å feire vår nasjonaldag i år ! Så me oppmodar alle i bygda om å stryke både finstas og flagg, planlegg eit godt måltid mat, kjøp vakre blomster og skap dykkar eiga spesielle feiring ! Kanskje me kan få sjå ulike variantar av familiære tog ? Meir info om kva for "felles" aktivitetar det blir kjem når dei nasjonale råda kjem ut i starten på mai.
17-mai-komiteen !
Hurra for 100-åringen Arthur !
I dag 20 april 2020 er Arthur Westersjø 100 år !
Heile Jøsnes-bygda gratulerar masse ! Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Helselag har sendt ei lita blomsterhelsing til han. Han får sikkert òg mange andre helsingar frå bygdefolk, mellom anna via videohelsingar som familien har laga til. Arthur feirar dagen på Årdal Omsorgsenter.Koronasituasjonen gjer det slik at feiringa av dagen blir litt spesiell, men de har laga til utandørs samling i tråd med koronareglane så han får sjå og møte både familie og ordførar ! Stor stas ! Me håpar Arthur får ei finfin feiring av denne spesielle dagen :-)
Bildet av Arthur her er tatt i 2016, då Hjelmeland Turlag hadde fellestur forbi Giskelid, på veg ned frå Røssenibben til Bastlid. Arthur var då 95 år, og var "bestilt inn" til å fortelje, og her var han i sitt ess i sitt barndoms rike med lyttande folk rundt seg !! Han fortalde om bygging av denne tømmerhytta, om krigen, og livet her inne på tømmerskogen dei harde vintrane under krigen.
HIPP HIPP HURRA FOR DEN SPREKE 100-ÅRINGEN ARTHUR !!!
Fleire stadnamn på plass i terrenget
Fleire lokale stadnamnskilt er sett ut i terrenget, denne gong på strekningen Nesvik-Baslid. Les meir på Jøsnes-sida på Facebook. Har du lyst å vere med å produsere fleire stadnamnskilt, er det berre melde frå anten til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller til Svanhild 97 00 76 36 . Bygdarådet har kjøpt inn material, fresemaskin og maling, og utstyret ligg klart i sløydsalen. Arbeidet må ev tilpassast ift koronareglar. Det er mange "ledige" namn i kartet, så det er berre kjekt om det blir laga fleire skilt. Det er òg nokre ferdiglaga skilt som ventar på tur ut i vårsola. Dette er: Kumyrå, Løkkja, Øygjadsalsholet, Avlesset, Gjømmerdal, Gjømmerberg, Stegane. Viss du veit kor dette er, og har lyst å ta turen: ta kontakt !
Tid for vårpussen på turstiane
Det er jamnleg og aktiv bruk av turstiane våre. Det betyr at mange av stiane er nokså tydelege og greie å finne. Men er ein ukjent på staden, og litt i tvil om retningane, så er det veldig godt at stiane både er skilta og merka. På Jøsneset er det 13 frivillige turstifadrar, som har påtatt seg ansvar for kvar sine ruter, og våren er tida for oppfrisking av merker og skilt.
Velkommen til Jøsneset
"Velkommen-til-Jøsneset"- skiltet i Nesvikbakken er altså pussa opp og malt i nye fargar, og det er planta vårblomster. Me gledar oss stort til den tida som kjem, då både hytteeigarar, slekt, venner, turistar og andre besøkande kan reise og feriere som før, og me kan samlast igjen saman i bygda vår. Med denne oppussinga vil me uttrykkje at alle er hjarteleg velkommen tilbake !