Nytt frå Strandbuen
- Lovet lavere Ryfast-takster på folkemøte
- Satser enda mer i Ryfylke med banksammenslåing – dette er endringene folk vil merke
- Mathilde, Ida, Solveig og Leah gjekk til topps med ideen sin: – Me fekk sjokk
- Ny suksess for talentet frå Jørpeland i siste sjanse for sesongen
- Reagerer på Ryfast-forslag: – Dei einaste som tener på dette er banken
Siste nytt
Danseforestilling
I haust har 9. klassingane Ida og Tania hatt valgfaget "innsats for andre", og prosjektet deira har vore dansegruppa "Little Mix" . No blir prosjektet avslutta med forestilling i gymsalen søndag 15. november
Juleverkstad 29/11
JULEVERKSTAD 29.NOVEMBER KL. 11-15 -oppdatert
No er snart jula her igjen og då er det tid for sosiale og stressfrie stunder i lag med familien.
Då er juleverksted eit perfekt arrangement å bli med på.
Det er ope for ALLE, 0-100 ÅR.
Dørene opnar kl: 11:00 og held ope til kl 15:00. Så det er opp til kvar enkelt om når dei vil koma.
Om du vil vera tidleg ute, ha ein sein frokost, lage mykje eller lite, kun komme opp å ta ein kopp gløgg og slå av ein prat, så er me i gymsalen for å ta imot nettopp deg og dine.
Fotokonkurranse
Hjelmeland Turlag har fotokonkurranse som varer ut 2015 - Turlaget ønskjer foto frå naturen i heile kommunen. Det har alt kome mange flotte foto, men håpar på enda fleire. Sjå alle fine bidrag hittil på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside. Frist ut året, send til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
KONSERT RYFYLKE VISEGRUPPE
RYFYLKE VISEGRUPPE KJEM TIL JØSNESET IGJEN!! Me hadde besøk av dei i 2010, og nå kjem dei att med nye songar og med ny vokalist Anita Nymann Tønnesen...omtalt i Aftenbladet som "vokalistgullet! Me gledar oss til gjenhør ! Set av datoen alt nå ! Les meir om Ryfylke Visegruppe her i presseomtalen
Husk påmelding til påleggskurs!
Meld deg på julepåleggskurset seinast tirsdag!
Julemat-kurs
Det har blitt ein liten tradisjon på Jøsneset at me har ein kveld saman der me lagar kjøtpålegg til jul. Det vil Bulyst-gruppa og laga til i år, og me tek sikte på tirsdag 8. desember klokka 19 hos Silje på Bøen
For å få kjøpt inn råvarer vil me gjerne ha påmelding seinast tirsdag 3. november til Silje på tlf 95062607 eller epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Sei fra om du vil lage lammerull, ribberull eller begge deler. Kom gjerne med idear til andre ting me kan lage!
Snart nye ferjeruter
Stavanger Aftenblad har ein artikkel om dei nye ferjerutene som kjem etter nyttår - "fylkets beste" blir det hevda. Les artikkelen HER