Nytt frå Strandbuen
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
- UP kontrollerte 80-sone i tre timer – flere måtte betale
Har du lyst å bli med å lage nyttårsfest?
Me i bulystgruppa har lyst å gjenta den vellykka nyttårsfesten 2014/2015. Dette var relativt enkelt å stelle istand; for opplegget var at kvar familie tar med sine matfat - dermed fekk me eit fantastisk og uforgløymeleg matbord !! Jobben til komiteen blir å sende ut invitasjon, ta påmeldingar, handle inn litt fellesting og pynte lokalet. Har du lyst å bli med på det, er det KJEMPEFLOTT ! Meld di interesse til Odd Fosså i Bygdarådet Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller 977 05 273. Me ønskjer at dette skal vere eit tilbod for ALLE i bygda; barn, ungdom, vaksne, eldre, familiar/einslege/par eller tilreisande gjester. Så nå er det spenande om me klarar å toppe deltakinga frå sist :-) det håpar me ! Lurer du på korleis det var sist - det kan du lese om HER
Trening for alle i gymsalen
Helselaget startar opp igjen trening i gymsalen torsdag klokka 19:30! Det blir styrketrening i ulike former, kondisintervaller og god utstrekking!
Målet er at det skal vera utfordrande men overkommeleg for alle på sitt nivå.
Me vil spesielt utfordra mannfolka i bygda til å møta opp - slik at dei ikkje blir heilt overkjørte av spreke og sterke damer.......
Velkommen til ein svett og kjekk time torsdag klokka 19.30
P.S. Ta gjerne med ei treningsmatte hvis du har
Ny benk på Nesdalsfjellet
Nå er det kome ny benk på Nesdalsfjellet. Initiativtaker her var Aud Jensen. Lørdag 19. sept samla ho nokre naboar og fekk den på plass. I tillegg så er det laga til eit lite bord. Etter at dette var på plass så måtte både benken og bordet prøvast, og Aud hadde med både kaffi, kjeks og twist. Det blei ein koselig ettermiddag i finværet, så nå kan alle som vil ta turen til Nesdalsfjellet for å prøvesitta også den nye benken
Damekveld 24.9.15
Torsdag 24.september kl 19:30 er det endeleg tid for
Damekveld i Trivselstova igjen.
Uformelt treff for damer i alle aldrar.
Vel møt.
Helsing Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag.
Gratulerar
Ein Jøsnesbu er nå vald inn som fast medlem i kommunestyret - Sven Westersjø - AP
Av andre med fast bustadadresse 4146 Skiftun finn me: Oddvar Skiftun, 2.vara AP og Lars Reidar Nesvik 4.vara Venstre.
Komplett representant-liste etter kommunevalet 2015 finn de på HJELMELAND KOMMUNE
Gå gruppa er tilbake
Hausten er her og gå-gruppa startar nå endeleg opp att.
Tysdag 15/9/15 kl.18:30 frå brannstasjonen.
Nye og gamle turgåerar er hjertelig velkomne til ein kjekk tur saman.
Helsing Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag