Nytt frå Strandbuen
- Uvanlig stor interesse for småbruk: – Eiendommer som dette er det ikke mange av
- Folkemøtet på Tau: Gikk langt i å love lavere Ryfast-takster
- Satser enda mer i Ryfylke med banksammenslåing – dette er endringene folk vil merke
- Mathilde, Ida, Solveig og Leah gjekk til topps med ideen sin: – Me fekk sjokk
- Ny suksess for talentet frå Jørpeland i siste sjanse for sesongen
Siste nytt
Emissærtriks? Tåkeprat?
Sjølv om det i den politiske debatten onsdag kveld både blei påstått at H/KrF driv med emissærtriksing og at AP driv med usakleg tåkeprat, så blei det halden ein god, allsidig og interessant debatt. Alle parti minus SV stilde til debatt med to representantar - og oppmøtet frå bygdefolket var bra - ca 45 stk derav både barn, ungdom og vaksne. Og debatten fekk fram skiljelinjer mellom dei ulike partia.
"Skiftunjentene" inntok Oslo
Sjeldan har vel hovudstaden sett så mange flotte Jøsnesdamer på ein gong i byens gater !! Denne spreke flokken gjekk under Team-namnet "Skiftunjentene" og inntok Bislett og KK-mila med liv og lyst !! Frå venstre: Kristine Rosså, LinnAina Rosså, Ingunn Nesvik, Kari Skiftun, Lise Tjeltveit og Lene Hjorteland. Ingen av de bur på Jøsneset nå, men me tippe de har fått den gode energien sin frå den friske Jøsnesoppveksten, ikkje sant KK-mila er eit stort, flott løp med start og mål på Bislett stadion og med 5 og 10 -km løyper rundt om i Oslos gater ! 3 stk på 5 km og 3 stk på 10 km !! Dei fleste debutantar på slikt løp ! Alle kom i mål i god stil - her finn du resultatlista. Jøsnes-siå gratulerer alle og ein kvar med vel gjennomført løp ! ...og har du lyst å delta i 2016 så er påmeldinga klar
Nattbåt ifm Frukt og Laks
Også i år blir det sett opp NATTBÅT etter dansen på Frukt-og Laksefestivalen. Båten går frå Hjelmelandsvågen kl 01.45 og kostar kr 50,- Går til Nesvik.
Fullt program for festivalen finn du HER
INNSAMLING ROMANIA 2015
18. SEPTEMBER kl 17.00 - 18.00, ved Branngarasjen
Intitiativtaker er atter ein gong Inger Apeland frå Suldal Ho skriv: Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn, stoff, strikke-og sysaker, leiker - ja, alt muleg !! Pakk godt inn i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 40 pr stk.
STOR TAKK TIL ALLE. Inger Apeland 95 10 54 24 el 52 79 94 14
Takk alle sammen
Takk til alle 53 stk som møtte opp til uformell og sosial grill/kake/kaffe/lappar/fotball/prate-lag søndag kveld - i 27 varmegrader på skuleplassen !! Så kjekt å treffe nye trivelege tilflytterarar til Nesvik og Foss, baby m/mor og oldemor frå Åsland, tilreisande besøk - og ja... sjølvsagt alle dokke andre "gode gamle" . Sola skein og det blei ein varm flott dag/kveld, og barneflokken spela fotball i ballbingen samanhengjande i over 2,5 time - medan praten gjekk livlig rundt borda. Her var alle generasjonar samla!! Takk til alle som møtte !! Koselig !! PPSSST: og takk for hjelp til grilling og rydding, folkens