Nytt frå Strandbuen
- Dette er lokalfotballens 30 største tenåringstalenter – lokal kar på lista
- Toppleilighet totalskadd – brannvesenet måtte håndtere flere store utfordringer
- Beboere på Jonsokberget var tett på brannen: – Alle vinduer ble raskt lukket
- Her brenn det i toppleilegheita som Karstein og kona skal flytta inn i
- Megler jobber med å få oversikt: – Trist start på dagen
Siste nytt
Klar for 5-kamp !!
Laurdag 25.juli 5 skal òg "Årets Stut" og "Årets Kvige" kårast!! Den tittelen kan du få ved å delta i 5-kampen på Skiftun kai - Skiftun strand. Start kl 12.00. Det blir : Øksekast, Palle-til-vanns-løp, Pilkast frå is-kar, Vannbæring og Makrell-slengjing. Deltakaravgift kr 50,- Smart å ta med badeklær, tørre håndkle og varme klær.
Det blir òg kåring av "Årets Morellsteinspyttar" - her gjeld det kun om å spytte lengst !! Deltakaravgift kr 50,- som jo inkluderer herlege moreller.
For alle som berre har lyst å kose seg i den flotte Skiftuvika: kom å PADLE I KANOAR - utlånt av Hjelmeland Turlag. Eller ta deg eit friskt bad !!
Mellom 14.00 og 16.00 blir det salg av grillmat !!
Smashing Jøsneset på NRK Lokalen
Sven Gjil Westersjø frå SMASHING JØSNESET var på NRK LOKALEN i dag fredag 24 - høyr innslaget HER. Håpar DU får lyst å komme til oss !
Busstransport
SMASHING JØSNESET: Me set opp buss t/r NESVIK. KR 20,- pr tur/ein veg. Tilpassa NORA-konserten: 17.15 ferja frå Hjelmeland, med retur 20.15-ferja Tilpassa REIDAR-konserten: 20.00 ferja frå Hjelmeland, med retur etter festen, siste ferja frå Nesvik: 00.45. Takk til sponsor Suldal Billag som stiller buss til disposisjon. Og her finn du ferjerutene Hjelmeland - Nesvik.
Scenen er klar
Scenen er pynta med sommarblomar frå Ryfylke Planter - Ådland gartneri, og alt er klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN.....og sola skin !!!
Båttur Førre: AVLYST
Då klarte YR å knuse draumen om sommarens deilige, varme solskinnstur heile fjorden til endes til Førre!! Med utsikter for 9 grader, regn og litt vind, ville vel turen inn blitt hutrete og gufsen, så Bygdarådet avlyser den planlagde båtturen lørd 18.juli. Kanskje me kan ta det på sparket ein dag/kveld då sola veljer å bli hos oss lengre enn 2-3 timar?. Inntil vidare satsar me på godvær LØRDAG 25 JULI - og Smashing Jøsneset-arrangementet: La oss håpe været er på vår side då !! Still opp folkens !
Status fibernettutbygging
Som de nok kanskje har lagt merke til så er det graving på gang rundt om i bygda - for LYSE sitt fibernett. LYSE har sendt eit infoskriv til kommunen der dei orienterer om status for utbygginga rundt om i dei ulike bygdene i Hjelmeland. Brevet finn du HER
Tirsdagstrening i dag og!
Det blir trening for alle i gymsalen kl 20