Ei utfordring til deg !
I postkassane til fastbuande er det nå delt ut ei lita Friluftslivets år-brosjyre ! Det er Kulturkontoret som med dette gir turrelaterte utfordringar til oss alle. Mellom anna å besøke 6 utvalde turpostar i kommunen ila året. Håvehammar er ein av postane - så då kan jo det vere ein enkel, fin start for oss på Jøsneset. Rundløypa til Håvehammar er blitt betre merka/skilta. Og i postkassen på Håvehammar finn de ein bokstav. Det er ein av 6 bokstavar du må samle, som tilsaman skal bli ord - les meir om opplegget i brosjyren. Veldig kjekt om hyttefolket òg deltar ! Det vil òg bli lagt ut brosjyrar på Naustet på Nesvik. God Tur !
Har du hus til leige?
Me skal flytte til Jøsneset og er er interessert i å leige hus frå hausten av. Har du noko til utleige? Kontakt Wenche Wåland Korsbø, 406 48 984
Klar for Smashing Jøsneset 2015
Komitègjengen i "Smashing Jøsneset 2015" gjer seg klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN - lørdag 25.juli på utescenen skuleplassen JØSNESET i RYFYLKE ! Set av datoen - dette blir stjernebra !
Imponerande deltaking Hardhausen
Jøsnesheia viste seg frå si aller røffaste side søndag 24.mai då Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla. Likevel: heile 46 spreke deltakarar trassa været og var med på toppturgåinga i ei samanhengande lang regnbyge, snøfenner i løypa og kaldt vær. Det var òg fleire barn og vaksne som var på besøk i gaphuken ved Fosstemmen - så totalt sett var det imponerande flott oppmøte !! Trass i dårleg vær - det var masse blide folk å møte i heia i dag; både fastbuande Jøsnesbuar, hyttefolk og folk frå nabobygder !! BRAVO FOLKENS !!
INFO HARDHAUSEN
Hardhausen-arrangementet går sin gang søndag 24.mai. Det har vore noko usikkerheit knytt til snøforholda i fjellet. Joda, ein må rekne med å gå noko i snøfenner til Gunlanut og Røssenibben, og litt òg Valafjell. Herefjellet er snøfritt. Vått terreng, men lyng/vegetasjon er flattrykt, så lett å gå på den måten. Arrangøren vil sende ut folk i terrenget i god tid, slik at du ved start på Fosstemmen får opplyst føreforhold, og ev omlegging av ruter. Rutene blir ev merka om/på ny dersom snøforholda tilseier det. Dei siste dagane har snømengdene minka, og det endrar seg dag for dag, og kan vere annleis på søndag. Difor avventar arrangøren til start for aller siste oppdatering. Ved påmelding får alle utdelt tlf-nr til arrangør - just in case ! Foreløpige værmeldingar på YR viser regn til søndag - men arrangøren er optimist og håpar værgudane er med oss søndag ! I år er forholda litt meir utfordrande enn tidlegare år, men ha gode klær og sko etter været og set av god tid !! Start Fosstemmen 9 -10.30. Parkering Foss eller Åsland. Sjå elles meir generell info om opplegget i artikkel under. GOD TUR ALLE HARDHAUSAR OG TOPPTURISTAR
Status nutane 19.mai
Bilde av dei tre toppane i 3-nutsturen: Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell tyrsdag 19.mai. Det er enda ein god del snø i heia.
Avklarande informasjon om føreforhold og eventuelt endringar i løypetrase for Hardhausen/3.nutstur kjem på FREDAG 22.mai.
Foto: Lene Kaldheim, teke frå Herefjellet
Turstikart
Hugs Hardhaus og 3-nut tur på Søndag 24.mai 2015.
Påmelding i sekretariatet ved Fosstemmen kl 09:00-10:30.