Nytt frå Strandbuen
- Fant mengder med tyvegods – er noe av dette ditt?
- Fekk telefon frå svigerson om brannen: – Heldigvis budde det ikkje folk der
- Ønsker å gjøre endringer på noen av bussrutene fra Solbakk
- Dette er lokalfotballens 30 største tenåringstalenter – lokal kar på lista
- Toppleilighet totalskadd – brannvesenet måtte håndtere flere store utfordringer
Siste nytt
Innkalling til årsmøte med basar
Innkalling til årsmøte i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag med basar
Måndag 16.03.15 kl 19:00 på skulen.
Ledige jobbar Bremnes Seashore
Bremnes Seashore har anlegg fleire stader i Ryfylke; og det går fint å bu på Jøsneset og jobbe på eitt av deira anlegg. Dei lyser ut fleire stillingar: sjå her på BREMNES SEASHORE
Me held fram
Gå gruppa er klare for ny tur kvar Tysdag kl 19:00.
Oppmøte er som alltid frå brannstasjonen, så ta på deg spasersko/tursko/joggesko og bli med på ein kjekk felles tur saman med oss.
Helsing styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
Isbaderekord
I Oslo blei det i dag, 07.02.15, sett Norgesrekord i isbading - heile 320 stk plaska uti den kalde Oslofjorden samtidig, sjå VGTV og OsloByNyheter. I Kogekjellå på Foss var det ikkje slike folkemengder; kun 4. Men sett i forhold til innbyggjartalet så var den prosentvise deltakinga laaangt høgare på Jøseneset enn i Oslo ...dermed kan me jo sei me slo rekorden...dessutan måtte det her kakkast veg ut i isflaka for å komme til kulpen. I Oslofjorden var det "berre" å jumpe rett uti. Felles for begge: begeistringa og godfølelsen etterpå !
Årsmøte Bygdarådet
Heile innkallinga med sakliste og valnemda sitt forslag finn du HER
Magiske vinterkveldar
Første februarveke 2015 kjem til å gå inn i historia som ei herleg vinterveke. Snøen som falt sist veke glitra som silkestøv i minus 5-7 grader i fullmåneskinnet. Fullmånen var dominerande på nattehimmelen; som ein lyskastar, i følgje med planeten Jupiter. For oss som bur på bygda utan masse kunstig lys, var veka som skapt for uteliv; anten ved sjøen, på bygdevegen, i hagen eller her på ski i lette spor innover skogsvegen mot Jiskelid.