Nytt frå Strandbuen
- Teddy Scott, deltakerrekord og marsipankake: Dette skjedde i 1985
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
Søndag 14/12 kl. 14-17
Hugs å bli med på JULEVERKSTADEN i gymsalen og sløydsalen.
helsing styret i JUL
Ledig på julekakebakekveld
To av dei påmeldte har meldt avbud, så det er 2 ledige plasser til julekakebakekveld onsdagkveld 10 des på skulekjøkkenet. Ideen her var å bidra med ein kakedeig kvar, og kome heim med 5 ferdigbakte sorter. Kontakt Svanhild på 97 00 76 36 om du er interessert i å hoppe på og bli ferdig med julebaksten på 1-2-3!
Nissen i retning Jøsneset?
Det ryktes at Nissen, med Rudolf i spissen, har sett nasen i retning Jøsneset. Han hadde det visst travelt og hadde ein sveeer presang med seg som måtte leveras den vetle bygda før jul. Ikkje veit underteikna kva som er i gjære, men det kan nok svare seg å følgje med....(Kjelde: to Jøsnesbuar som var austøve her forleden...la oss kalle dei...hm...Berit og Jostein.....ryktene stammar etter alle solemerke frå Hardangervidda,...eller var det Haukeli?)
Årets julegåve !
Jøsneset skule er historikk - men tenk, me har samla alle utgåvene av skuleavisa frå 1982-2014 i to tjukke bind. Her er masse moro og ultralokalt lesestoff; alt frå kjente og kjære skuleelevar frå desse åra. Her kan du finne masse godt stoff til julequissen og humre deg gjennom 32 årgangar med smånytt. Joda: Den perfekte julegåva! Men kun få eksemplar att. Pris: kr 500,- . Pengane går til bulyst-tilak på Jøsneset. Og berre vent å sjå: det blir garantert mykje smått og kjekt...og noko stort og spennande i 2015 !! For kjøp av Jøsnesposten 1982-2014: ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sms 97 00 76 36
Tenn lykt
Prosjektet "Lysnissen" går enkelt og greitt ut på å tenne ei lykt ved utgangsdøra/ved vegen kvar dag kl 18 i heile desember. Det er prosjektgruppa "Begeistringsetaten" i Ski som har dratt ideen igong, og dette er nå blitt landsomfattande og "sprer seg" på sosiale media . Bli med - det er enkelt, uforpliktande og magisk koseleg i desembermørket Her er SKIFTUN 36-lykta tent !!
Julesong frå utescenen
Herlig julesong frå flinke born på utescenen på skuleplassen på Jøsneset. Det er etterkvart blitt tradisjon å tenne juletreet ved branngarasjen i eit felles arrangement. Nytt av året var at barna hadde øvd inn 3-4 flotte julesongar; som dei framførte ute på scenen i mørket og kulden - stemningsfullt og fint blei det ! TAKK til flinke songfuglar. Elles var det fakkeltog frå Skiftukaien, og godt å kome inn varm Trivselstove til hamburgerar, gløgg og kaffe - før det bar ut i mørket igjen til nisse og dans rundt juletreet. Bygdarådet takker alle som møtte opp !
Søndag 14. desember
Jøsneset Ungdomslag utfordra kvar og ein til å bli med på årets juleverkstad
Sjå plakaten her