Nytt frå Strandbuen
- Karen og Ida Helene fann meir enn felles interesse i nytt valfag
- Strand vil ha to nye prosjektledere – disse har søkt
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
Siste nytt
Damekveld 27/11/14
Det er siste torsdag i månaden, (27.11.14) ,og tradisjonen tro lagar Nasjonalforeningen Jøsneset helselag damekveld i triveselstova kl 20:00.
Denne torsdagen får me besøk av;
Aina Fuglestein frå Stas trening - og aktivitetssenter som vil fortelje litt om trening og ernæring. Ho har tatt bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse med hovedfokus på rehabilitering. Et år med praktisk pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogndal. Har også tatt spesialpedagogikk ved Høgskulen i Telemark. Har jobba i Suldal kommune som adjunkt sidan august 2005. Har jobba som spinning og styrke instruktør ved Idrettssenteret i Sogndal og Sand Fysioterapi og trening. Er i dag medeigar og dagleg leiar i Stas trening - og aktivitetssenter
Me håpar at nettopp du vil ta turen i triveselstova førstkommande Torsdag Kl 20:00
VEL MØTT
Fiber i 2015
Salgsavdelingen på LYSE AS har nå sendt ut epostar og brev til interessenter på Jøsneset der dei stadfestar at det blir fibernettutbygging på Jøsneset. Dei skriv at utbygginga vil starte i 1.halvår i 2015, og at framdrifta vil vere avhengig av når sjøkabel kan bli lagt. Utbygginga forutset eigeninnsats; noko dei vil informere om etterkvart.
Klar for tur?
Gågruppa gir seg ikkje og inviterer alle med på å gå tur saman kvar Tysdag.
Møt opp ved brannstasjonen kl 19, så går me ein kjekk tur saman.
LINEDANCE-AFTEN
Syns du det såg gøy ut med Linedance? Ja, det eeer gøy! Nå har nybegynnerar og litt "halv-drevne" sjansen til å "laina opp" igjen saman. GYMSALEN TORSDAG 13 NOV kl 19.00. Me friskar opp att det me lærte i august, og lærer frå oss det me kan til nybegynnerar. Og me kosar oss med litt knask, saft og litt kaffe i pausen :-)
Bulystgruppa - Bygdarådet
Kanoane "Kalven" og "Kvigå"....
....er nå frakta ned til Foss for vinterlagring! Kjem på plass att i Fosstemmen når liane grønkar og fuglane kvitrar igjen til våren!
Blått panneband funne....
....på skogsvegen opp mot Fosstemmen. Kontakt 97007636 om du saknar det.
Jøsneset 200 i 2020 Informerar
Prosjektgruppa Jøsneset 200 i 2020 takkar for oppmøte på kick off tidlegare i haust.
For de som ikkje var til stades denne dagen kjem det her informasjon om prosjektet. Me håpar verkeleg på støtte frå bygdefolket i arbeidet vårt.