Nytt frå Strandbuen
- Strålende melding fra meteorologene – kan bli over 20 varmegrader
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
- Brukere av denne veien må vente opp mot 20 minutter
- Store forsinkelser i flytrafikken etter stenging av luftrommet i Sør-Norge
Siste nytt
Vanningsforbud!
Den langvarige tørken skaper utfordringar for den kommunale vannforsyninga på Jøsneset. Kommunen har difor innført forbod mot vatning hos alle husstandar og hytter som er knytta til det kommunale vannettet. For meir informasjon, sjå Hjelmeland kommune sine nettsider www.Hjelmeland.kommune.no eller kontakt Hjelmeland kommune på tlf nr 51757000
Hanne Sørvaag med ny låt !!
Du har vel sett av datoen 23.august til HANNE SØRVAAG og SMASHING JØSNESET ?
Kanskje ho speler denne nye herlege låten?? set i gong å øv
Skaff deg samleutgåva JØSNESPOSTEN
Til avslutningsfesten for Jøsneset blei det produsert opp eit opplag av samleutgåva av Jøsnesposten, 32 årgangar frå 1982 til 2014 er nå samla i 2 tjukke bind. Nå er det kun 20 eksemplarer igjen av dette unike ultra-lokalhistoriske verket på tilsaman 700 sider. Løp og kjøp !!
Johanna Langvik var dåtidas SFO
Svein Hauge held eit minnerikt innlegg på avslutningskvelden for Jøsneset skule. Svein er oppvaksen på skulehuset, og faren var lærar Andreas. I bilderike ordlag delte han sine barndomsminne med dei 170 frammøtte på festen - Gjekk du glipp av dette? Her får du innlegget som han kalla: "IT NEEDS A HOLE WILLAGE TO RAISE A CHILD" ("Det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn"; afrikansk ordtak), og me trur me har oppdaga kven som oppfant SFO.......
Minnerikt
Jøsnesbygda kjempa for å behalde skulen - men tapte ! Nå ER skulen historie! Likevel klarte bygdefolket saman å skape ei festleg og verdig avslutning for denne viktige bygdeinstitusjonen. 170 påmeldte frå alle generasjonar var samla - og det var både nåtid - fortid og framtid som stod i fokus.
Dagens elevar ved Jøsneset skule - og Kulturskulen - representerte nåtida - og kjørte eit nesten times-langt program med dans, song, musikk og skodespel. Etter førestillinga fekk dei roser av rektor Rasin !