Siste nytt
Snegl-deg-vekk
Sjølv om været er fint og tørt om dagen, lever brunsneglane i beste velgåande! Me oppmodar derfor ALLE til å gjera ein innsats for å bli kvitt desse uønska gjestene, og inviterer til "snegledugnad"
Minnerik kveld - Jøsneset skule
Fredag 13. juni vart historisk - avslutningsfest for Jøsneset skule - ei 121 år lang historie er over. Desse fantastiske elevane skapte igjen ei herleg stemning og drog kvelden i gong med rå trommesolo og gledeleg sang og lystig dans ! Salen var stappa full av alle generasjonar . Fleire bilder og stemningrapportar følgjer. Førebels TAKK til ALLE som delte om seg med sine minner - og saman skapte me ein minnerik kveld !!
Klar for avslutningsfest
Bygdefolket jobbar på spreng for å gjere klart til den store avslutningsfesten i kveld. 170 stolar står klar i salen, blomane skal pyntast ut i lokalene, kaker blir baka og mat tilberedt - talar skal skrivast og sangar skal øvast - aviser skal bindast samen og kjolar skal strykast. Me gjer vårt beste for å skape ein minnerik og verdig kveld for Jøsneset skule si lange historie - som nå definitivt er over !
Skulebygningane er opne utover heile ettermiddagen, for dykk som har lyst å kome tidleg å ta ein runde rundt i lokane - sjå om de kjenner dykk igjen !!
Parkering oppe på skulen: er førehalden dei litt eldre eller ev dei som er litt dårlege til beins o.a. Parkeringsplassen ved branngarasjen er òg avgrensa; så me oppmodar om å bruke bedehuset sin p-plass.
Me ønskjer alle velkomne til JØSNESET SKULE - me reknar med de har sett av heile kvelden for det er langt program !
Festkomiteen !
Jøsnesposten - samla verk
Det jobbast intenst på Jøsneset desse junidagane!! Me førebur til den store avslutningsfesten for Jøsneset skule på fredag. Ein av mange førebuingar er å få klar "samlede verk" av Jøsnesposten. Komplett utgåve av 32 årgangar er nå under produksjon, og me håpar at desse blir klar for salg på avslutningskvelden.
Årets resultat
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
Jøsneset Ungdomslag
Først og fremst så vil me retta ei stor takk til alle dykk som er så tøffe som tar sekken på ryggen, sko på føtene, masse turglede, og legg ut på 3-nut tur eller hardhaus 1.pinsedag. Nokre har gått alle seks åra den er blitt arrangert andre gjekk i år turen for første gong.
Hanne Sørvaag kjem....kjem du?
Klikk på plakaten for å få den større. Meir info følgjer etterkvart - berre hald av datoen nå !!! Dette blir kanooon - gøy
An Svein kjem.....og mange med han
Svein Hauge har ikkje berre gått på Jøsneset skule som elev, han er òg oppvaksen på skulebygget - der som nå barnehagen er! Han er dessutan son til Lærar Andreas Hauge - så Svein er karen som fekk "full dose" Jøsneset skule gjennom heile barndommen i etterkrigsåra.