1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Fullmåne om natta og "fullsol" om dagen - slikt vær insprirerer til turgåing - her frå Nesdalsfjellet, med flott utsikt ut over heile den vide Ombofjorden. Det er satt opp kvile-benk på turposten på Nesdalsfjellet nå - så nå når sola varmer er dette ein flott stad å nyte livet og utsikten. Benken er ein del av bulyst-prosjektet som Bygdarådet og Helselaget er med i. Foto og turtips: Ellen Mari Fosså. Fleire turtips i bygda finn du under fana Turstiar på Jøsneset.

 

 

Det var besøk på fleire av turpostane i bygda i dag....ein turgåar besøkte både Tausanibbå og NordaHøgaste idag: her gjekk det an å gå til fots då snøen var nokså hard, og enklete stader noko "avblåst". Fosstemmen fekk òg besøk; òg her er det greitt å gå til fots på den harde snøen i harde traktorspor på skogsvegen. Og ein sprek turgåar var både på Gunlanuten og Røssenibben på ski i dag - han meldte om hardt og vanskeleg føre: greitt å gå opp, men vanskeleg "utfor-føre" : hardt, isete, og snøen er blåst opp i harde "bølger" - så du må vere litt "stabeist" om du vil dit akkurat nå.

Har du vore på tur?? Anten på turpost - eller ein helt anna stad? Send oss din "rapport" og veldig kjekt med foto Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook