1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts



Ei fotohelsing frå sportsfiskar Øystein Davidsen frå Egersund, som sist fredag var inne i Jøsenfjorden og heldt foredrag om store, sjeldne trofèfiskar.  Bildet er av hans sønn(13) første gong dei var på fisketur i Jøsenfjorden. Om de drog i land ein sværing denne gongen vites ikkje. Men Davidsen er ein svært erfaren og entusiastisk sportsfiskar og til dei frammøtte i Fjordahuset, kunne han fortelje om svært spanande liv nede på djupna i Jøsenfjorden (det ryktes om lettare skepsis til bading i fjorden etter bilda Davidsen viste av svære beist frå djupna)Wink Davidsen meiner Jøsenfjorden har stort potensiale som trofèfiske-arena, og seier at litt pionèrvirksomhet - særleg på djupet, kan gje spanande fangst av brosme, lange, blålange, kvitskate og håkjerring. Havfiske er presisjon og ein må ut i båt med dregg og GPS med sjøkart for å forske litt nærare på forholda her. Men han meiner det finst skikkeleg gode stader for god og sjeldan fangst i Jøsenfjorden, og roser samtidig den fantastiske naturen i fjordane her.

Apropos beist frå djupet: finst tydelegvis i Fistervågen òg, les om det "mannevonde beistet" i avisa STRANDBUEN

og de huskar kanskje historia om den sjeldne sølvkveita? ...i følge Davidsen er det få som har hatt gleda av å sjå ei slik levande - slik våre skuleelevar fekk.

FaceBook
Facebook