1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts


Me trur de gleda seg like mykje; både komlekokkane og komlegjestene. For den årlege felles middagen mellom skuleelevane (som lagar middagen) og eldretreffen (som er inviterte gjester) er eit svært populært og koseleg treffpunkt.
Ein gong i året består nemlig mat-og helse-oppgåva til storskuleelevane å lage og servere middag til eldretreffen. Og i år var det komle på menyen - og pannacotta til dessert !



Dette kallar me ei orntlig komlegryte; og det er storskuleelevane som er kokkane.


 
Mykje som skal lagast i stand når ein inviterer til gjestebod, og godt å samarbeide: her med den populære italienske desserten Pannacotta med frisk bringebærsaus på toppen.

Medan skuleelvane vispa og rørte og dekka bord og gjorde klar serveringsfat, så strøymde den eldre garde i bygda til bords i Trivselstova. Elevane stod bak heile arrangementet; både koking og servering.

Maten smakte, praten gjekk laust og trivselfaktoren var høg i Trivselstova denne dagen.

Og sjølvsagt stod òg litt underhaldning på programmet: denne gongen var det småskuleelvar som klinka til:

Nok eit vellykka middagsarrangement til ende: til glede og læring - og ein viktig sosial arena.

FaceBook
Facebook