1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

"Magisk og enestående sted".....det var den franske superkokkens svar til TV2 då han fortalde at det franske kokkekamp-programmet TopChef for første gong filma utanfor Frankrike, og valget falt på Norge og på Skiftun !! Lørdag 6 april hadde TV2 innslag i Lørdagmagasinet om den topphemmelege filminga som pågjekk på Skiftun kai i november 2012. På TV2 sitt innslag fekk me møte dei lokale heltane Jostein og Kåre som rigga det heile i stand for filmteamet, me fekk sjå barna frå  Jøsneset skule og me fekk sjå ordførar Trine som dommar i kokkekampen - alt vevd saman med dei franske TVteamet og superkjendisane Wink



Jostein presenterer her Jøsneset skule i beste sendetid på TV2: skuleelevane fekk lov å komme ned på kaien for å sjå på filminga av kokkekampen medan helikopteret svirra i lufta. ......men både store og små har vore flinke til å halde på hemmelegheita om filminga heilt fram til nå. 1.april blei TopChef Episode nr 9 sendt på Fransk TV M6.

Fekk du ikkje med deg innslaget i TV2 ?

Går i reprise søndag 7.april kl 13.35 kl 17.30 og kl 21.40 på TV 2 Nyhetskanalen!!

Kan også sjåast på TV2 Sumo (betalingsTV) HER

FaceBook
Facebook