1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Den harde barfrostvinteren og fjorårets felles Nemaslug-aksjon mot brunsneglar viser tydelege resultat: brunsneglane er ikkje over oss i så store mengdar som i fjor. I fjor på denne tida hang brunsneglane som apekattar i toppen på påskeliljene. I år ser me dei ikkje i slike mengdar, MEN vær obs: dei er på frammarsj nå når temperaturane stig. Nettopp NÅ har me eit ypperleg utgangspunkt for å bekjempe nok ein invasjon !! Å halde bygda sneglefri er eit felles ansvarSmile Sjå tips nedanfor:

Det er viktig at me tek sneglane nå når de er få og små: før de får overtaket og før de får boltra seg i hagen og legga nye egg utpå sommaren. Husk at kvar snegle kan legge rundt 300 egg. Så for kvar snegle du tar nå blir det langt mindre egg til sommaren !!

Eit kjapt og effektivt triks er å klippe de i to med ei saks. Ekkelt ja, men rask dødWink
Du kan òg samle de opp og putte de i frysen, helle kokande vann eller salt over de....ikkje fullt så anbefalt for det er ein langsommare død. Viktaste er å ta kverken på de jamnt, trutt og effektivt.

Det kan òg vere ein idè å følgje opp Nemaslug-behandlinga som Silje Sværen tok initiativ til i fjor. Det er eit effektivt middel som kan fordelast ut til alle i bygda; og som dermed får vid effekt. Dette bør me gjere om sneglebestanden tek seg veldig opp igjen.

Men foreløpig folkens; rydd DIN hage og "din" vegstubb ! Slik kan me kanskje i fellesskap klare å få bygda sneglefri.....eller iallefall nestenWink

Fleire tips: Aftenposten og Bioforsk og elles masse masse tips å finne på nett: berre google "brunsnegle" så finn du råd.  Det er elles laga ei eiga Facebook-gruppe for dette Sneglekampen 2013 - der finn du masse råd og kan dele erfaringar frå andre snegle-krigarar.

Lykke til !

FaceBook
Facebook