1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts



Kanskje du har vore nedom Fosså i det siste, og lurt på om Ellen Mari og Odd har storvask av kvite tørkler? Wink Men, nei, dette er derimot eit litt sjeldan og veldig artig tre som blomstar slik: det såkalla Lommetørkletreet , også kalla Duetre.  Treet er såpass sjeldan at folk valfartar til botaniske hagar når desse blomstrar....

Det stod nettopp ein artikkel i Stavanger Aftenblad om dette artige treet. Les artikkelen HER. I avisa stod det at det kun finst 4 slike trær i Rogaland: eitt på Ombo, eitt i Rogaland Arboret og to i Stavanger. Dette er altså ikkje heilt oppdatert: for på Fosså står det faktisk 2 slike blomstrande trær.  Det eldste blei i vinter nokså "medfare" og står i fare for å ta knekken. Men dette som er avbilda her, blomstrar akkurat nå, og er i fullt  vigør !! Det blei planta i 1997 av Odd, son til landskapsarkitekt Knut Fosså, som jo hadde sansen for det sjeldant vakreSmile. Treet tar seg veldig fint ut attåt den gamle løa med skifertak !



Lommetørkletreet er nok ikkje av det mest hardføre, og stammar opphavleg frå Kina. Det likar lun/god plassering - noko som jo passar godt her i Solbygda. Treet har kort blomstringstid; så vil du sjå det i blom, må du kanskje gjere som folk i botaniske hagar: Valfarte til staden der det står !!! Sjå opp for innrykk Ellen Mari og Odd Wink Begge foto: Ellen Mari Fosså.

PS: Les òg om treet hjå Stavanger kommune.

FaceBook
Facebook