1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Uvanleg folksomt i kommunestyresalen i kveld. Ekstrastolar blei lempa inn og folk sat ute på gangen. Folk frå fleire bygdar møtte opp for å høyre om sparesaka. Det blei vedtatt det same som i formannskapet: Ned med Jøsneset skule og redusert omsorgsenter i Årdal + noko kutt/omstillingar på Interne tenester/Bygdeutvikling. Det blei òg vedtatt ein del punkt som oversendingsforslag til Formannskapet, som betyr at det skal gjerast nye utgreiingar på nye område med tanke på sparing.  

"Utsendt reporter" frå Jøsnessiå "datt litt av på slutten"Undecided for det var mange forslag, og ein god del detaljar i oversendingspunkta, og det var prøveavstemmingar og vanlege avstemmingar: Men hovudprinsippet er at meir må utgreiiast for å finne meir sparegevinst. Når det gjeld Jøsneset skule så skal de nå setje i gong den FORMELLE nedleggingsprosessen med høyringar osv. I den runden skal de visstnok òg rekne på den faktiske gevinsten med nedlegginga , som det framleis var usikkerheit kring.  Det blei ikkje lagt fram eksakte tal på sparegevinsten; dei tala som blei nemnd var det noko usemje kring.


Når protokollen omkring avstemminga ligg føre, skal me leggje ut ein link slik at de får dette heilt rett ifl til vedtaket.
Sjå òg Aftenbladet og Strandbuen



Det var eit litt forvirrande kommunestyremøte, for mange av medlemmene hadde ikkje bestemt seg og var usikre. Det blei difor avholdt heile to gruppermøter medan folk sat å venta, og nye forslag dukka opp.


Det blei mykje venting for rådmannen og  sekretæren også,  medan politikarane sprang på gruppemøter for å finne ut kva de skulle stemme på.

FaceBook
Facebook