1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det blei ei spesiell sommaravslutning på Jøsneset skule torsdag kveld, sidan kommunestyret hadde vedtatt nedlegging av skulen kvelden før.  Men barna er sceneproffe som få; og de trylla fram gode, glade opplevingar for publikum  frå begge bygdene. Song, sketsjar, musikk, film, dikt og ikkje minst heftige tøffe dansenummer - og alle som ein av elevane var på scenen å bidrog med sitt.

Ja, for elevane er heldige og blitt ganske så scenevande etterkvart, og det er tydeleg at mange likar seg i rampelyset, for ifl Rektor Rasin så kan enkelte nesten "ikkje få nok" av opptredenar. Og me likar å sjå på de......så for den del kunne me kanskje ha holdt på framleis.

Og rundt om i gymsalen hang det masse flotte kunstverk; store og fargerike, og små og detaljerte...og ei og anna forteljing innimellom.


Sangnummer med småskulen


Små, staute karar les dikt



Me fekk òg sjå film: småskulen har hatt eit lite filmprosjekt og laga to filmar - morsomme innslag.



Ein del av elevane går i Kulturskulen, og det var fleire innslag derfra: dans, pianospel , fele, gitar og trommer.


Ein konsentret trommespelar i aksjon - heilt aleine med sin trommesolo !! Flott!


Basketball-dansen var fantasifull !


Skjetsjen om svensken, dansken og nordmannen :-).....ja, det var svensken som feis til slutt altsåTongue Out

 

Elevane fekk stor applaus etter opptrinna.

Deretter nytta mor Svanhild H Gbada (som hadde siste "avgangselev" til ungdomskulen)  høvet til å takke skulen: rektor og alle lærarane for dei 13 gode åra deira tre gutar har fått på Jøsneset skule-og barnehage!  "Ein kommunestyrerepresentant sa i går at han aldri ville sendt sine barn til ein liten skule. Me er ikkje i tvil - hadde me hatt anledning, hadde me definintivt vald det same igjen !! ", sa Svanhild. "Stødig, trygt, godt og nært".  Alle lærarane fekk stor og velfortjent applaus  for god innsats gjennom mange år !

Rektor Rasin Tjeltveit avslutta med å orientere om nedleggingsvedtaket : det blir nå sett i gong ein reint formell prosess kring nedlegginga med formelle høyringsrundar mm. Rasin seier skulen vil starte som vanleg til hausten; men ein vil kontinuerlig arbeide med korleis overflyttinga og nedlegginga skal skje. Det er ikkje avgjort når dette reint fysisk skjer; Rasin trudde kanskje ikkje dette kom til å skje ved nyttår heller, men dette er uklart.

Deretter kom det kjekke: is, saft og kaffe !! Sola skein og varma over Solbygda denne kvelden, så kaffekoppane vandra ut rundt uteborda....Trass i mange skuffa folk ift nedleggingsvedtaket, var likevel stemninga sosial, god og varmWink... Takk til barna for NOK ein flott skulekveld!!

 

 

FaceBook
Facebook