Dagens sportssending med involverte Jøsnesbuar:
Ingeborg og Sven Westersjø deltok i det 10 mil lange sykkelrittet "Kraftrittet" . Ingeborg gjekk inn til seier i dameklassen - ikkje så rart kanskje sidan ho var einaste dame som deltok - smart !!. Tida blei 5.04; omtrent nøyaktig det same som Sven si tid - dei utgjorde til saman baktroppen. Kraftrittet markedsfører seg som " rittet for de litt tøffere". Ja, tøff løype: Sand-Lovreid-Jelsa-Foreneset-Erfjord-Vadla-Gullingen-Sand, Puh ! Me gratulerar med vel gjennomført ritt ! Resultatlista finn du HER
Ein del Jøsnesgutar òg som har vore i sving i dag, i eit litt mindre og meir lokalt arrangment: Volleyball-turnering på SpaHotellet.
Det stilde 4 lag til kamp og det var Jøsnesgutar på 2 av laga, og begge laga kom til finalen. Det var laget " The Lost Boys" som gjekk av med seieren; frå venstre Brandon Oddbjørn Foss, Marius Loktu, Endre Lomeland, Jonas Gbada og Anis Kassimi.
Kjekk premie: Gratis lagopphald i Spa-badet
Veldig kjekt å få tips om lokale sportsbegivenheter - send gjerne inn fleire tips, så får me snart eiga sportsspalte
Elles nærme det seg Hjelmelandsmeisterskap i fotball ....blir "Lårhalsdamene" frå 17-mai å sjå der, mon?
Kanskje litt tøff motstand? Me tipper iallefall ein del av dei unge karane stiller; for det er fleire ivrige fotballspelarar på Jøsneset.
Idrettslaget oppmodar bygdelag, bedrifter, lag/organisasjonar om å stille, sjå meir HER.