1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Jonsokafta i Skiftustranda starta veldig bra....picknick-korger, campingstolar, store og små strøyma på , og den eine retten etter det andre bli grilla fram over fellesgrillen. Kos, prat, deilig og stille sommarkveld medan grillmaten blei spist og kaffekosen pågjekk......men skumle skyer trua! Bålet blei tent ...wow ! For eit syn!!! Men skyene trua framleis...

Det held seg framleis stille, vakkert og med oppholdsvær

 




Så kom regnet! På med regnklær ! Eller badeklær! Alt etter som. Dei største barna var på kaien og fiska og på flåten og bada og hoppa. Dei minste barna fanga krabbar og fekk servert is frå Helselaget.


Så blei det ei lita oppholdsgløtte igjen, og tradisjonen tro: tautrekkingskonkurranse !

Fantastastisk innsats.....stillinga var lenge nokså jamn. Men etterkvart som tilskodarane hoppa inn på kvart sitt lag, blei det enda hardare konkurranse, og det laget nærast bekken vant til slutt

 

Men plutseleg, som eit teikn fra oven, opna himmelens sluser seg: og høljeregnet ausa ned. Det var som å trykke på ein knapp; ein, to, tre, vips så forsvant picknik-korgene, campingstolane, store og små ut av stranda, inn i bilane og heim i tørre stover.

Det blei jo sjølvsagt opplett og stilt seinare utpå kvelden, og glohaugen frå det store båla gløda flott i den tomme stranda. Men slik er det alltid: Jonsok skal jo vere slik den alltid pleier å vere: regn og bading i skjønn forening.......og sistemann or sjøen var i år som alle år: Nicolai og MadelenWink.  Same procedure as every year. Jonsok er som 17.mai: tradisjonsrik!!



Det sista me såg før me forlot Skiftukaien var denne hendige karen, som hadde montert paraplyen fast til campingstolen med svart elektrikarteip ! Gjeld å sjå mulighetene, ikkje begrensingane. Fisk fekk an òg.

Herlig midtsommarnatt Wink

 

 

FaceBook
Facebook