Sjølv om kommunestyret har gjort eit prinsippvedtak på at Jøsneset skule skal leggjast ned, så startar skuleåret opp att som vanleg nå torsdag 15.august. Det er 4 elevar som startar opp i 1. klasse.
20. august får formannskapet ei konkret sak på bordet om nedlegging av Jøsneset skule; då det skal tas meir detaljert stilling forholda kring nedlegginga, og det vil nå bli ein formell høyringsprosess jf lovverk for krinsregulering/skulenedlegging.
Pr i dag veit ein ikkje tilrådinga frå rådmannen i saka. Saka blir lagt ut på kommunen si nettside nokre dagar før møtedato.
Me ønskjer alle skuleelvar og tilsette ein fin skulehaust.....og håpar de får fortsetje her ut heile skuleåret