1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



.......iallefall i barneritt-sykkelløpet i samband med Tour de Fjords-rennet var det lokale sykkelrytterar å sjå; her representert ved Runar og Vebjørn, som sykla i kvar sin klasse. Mange fleire barn både frå Jøsneset, og alle andre bygder i Hjelmeland deltok i barnerittet lørdag morgon, medan proff-syklistane varma opp til 2.etappe av Tour de Fjords mellom Hjelmeland og Forsand.

 


Her frå barnerittet, med Vebjørn i ein fin 3.posisjon.

 

 


Ja, det var stor ståhei på Hjelmeland lørdag formiddag; med masse proffsyklistar, TV-team, supporterar osv.

Men det var fort gjort å sjå feltet passere  i løypa......SWISH....så var det store feltet forbi. Men masse flott publikum langs heile løypa, flagg og heiing og herleg vær.


Les meir og sjå meir lokale bilder på TOUR DES FJORDS opne Facebookside og Sport2400

Elles blir heile det 3 dagar lange ritter kringkasta via Europsport2 til 47 land. Spektakulær Ryfylkereklame.....som enda med at Stavangerhelten Alexander Kristoff vant 2 etappen mellom Hjelmeland og Forsand Smile

FaceBook
Facebook