1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nedleggingssaka om Jøsneset skule går mot ei ny politisk behandling. Trass i fleire innspel frå bygda her; Samarbeidsutvalet, Elevrådet og Bygdarådet der alle argumenterer for å behalde skulen, så går det stadig nærare ei nedlegging.

Saka blei behandla i Oppvekstutvalet 3.oktober: der blei det vedtatt samrøystes at skulen skal leggjast ned med verknad frå 01.08.14, Les sak og møteprotokoll HER

Saka skal nå vidare til Formannskapet 15.oktober og Kommunestyret 30.oktober.

Oppvekstutvalet hadde òg oppe ei sak om barnehagesituasjonen; og vedtok at det må greiast ut korleis behova i Årdal og Fister skal løysast, og elles skal det greiast ut fordelar og ulemper med privat drift av barnehagar, les saka HER

FaceBook
Facebook