1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hausten er ei herleg lesetid !!

Er du glad i å lese bøker ? Har du lyst å prate med andre om bøkene du les? Få tips og idear til bøker du elles kanskje ikkje hadde lest? Utvide bok-horisonten? Ein lesesirkel kan vere tingen for deg dåSmile

Ein lesesirkel er ei gruppe leseglade mennesker som møtes med jamne mellomrom for å diskutere og prate om bøker som blir lest. Ein kan bli enige om å lese same boka frå gong til gong, og diskutere ulike syn på den etterpå. Eller ein kan lese ulike bøker og presentere for kvarandre. Her er det ingen fasit !! Det er opp til den enkelte lesesirkel korleis ein gjer det, kor ofte ein møtes, kva bøker ein les, kor ein møtes, kva opplegg ein har osv osv.

Me ønskjer å dra i gong ein lesesirkel på Jøsneset. Har du lyst å bli med; møt opp til uforpliktande samling i TRIVSELSTOVA MANDAG 18. november KL 20.00.  Me har ikkje opplegget klart; det blir me enige om når me treffes !!

 

Berit S.H. og Svanhild H.G.

FaceBook
Facebook