1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Torsdag sist veke inviterte Bygdarådet til Bygdakveld i gymsalen. Bygdefolket strøymde til og fekk både møte kommunen sin nye rådmann Dag Flackè og Jøsneset sin nye kjendis-vær!! Jaaa, enig... snodig kombinasjon...men: ER ME PÅ BYGDA SÅ ER ME PÅ BYGDA Wink. Me fekk òg møte det aller siste nye innslaget på Jøsnes-himmelen; damebedåraren og sildeentusiasten "Gunnar Vik" frå Haugesund (foto ovanfor).....i våre drømmar så flyttar han hit med sine ex-koner og store barneflokk !

Leiar i Bygdarådet Berit S Hjorteland leia kvelden, og Bygdarådet sitt siktemål med kvelden var nettopp å snu motløyse til optimisme!!,

Rådmann Dag Flackè var første mann som slapp til ordet. Han presenterte seg sjølv som person; kven han er,  kor han kjem frå og bakgrunn, og òg om sitt virke i kommunen. Han og kommunen står ovanfor store utfordringar ift økonomi; meinte ein burde drive "25-mill smartare" pr år. Han var oppteken av dialog med politikarane og dei tilsette, påpeikte at me lever i eit samfunn i endring og at me må førebu oss på fleire endringar i framtida. Han var ikkje inne på spesifikke tema som td skule og barnehage, som jo har vore aktuelle saker for Jøsneset, men hadde tidlegare på kvelden hatt eit godt møte med Bygdarådet. Han opna for spørsmål, men der blei visst bygdefolket "tatt litt på senga"....for ingen heiv seg frampå.

 

 Svanhild H Gbada viste deretter ein bilde-serie om folkelivet på Jøsneset: frå dugnadsånd til bulystentusiasme,  frå barnehagebygging til turstimerking, frå Kalvagare-bygging til Revy-festar, frå skule-liv til Hardhaus-prosjekt, frå Eldreklubb til aktivietsdagar, frå nettside-og omdømmebygging.....alle prosjekt med sikte på å skape ei triveleg og levande bygd i vekst. Ho viste òg bilde av dei mørke skyene som truar bygda; og utfordringane me står ovanfor framover nå. "Me må leite etter styrkane våre; me er gode på å vere små, me er gode på å dra i lag, me er klekkeri av Hardhausar, me KAN det med å gå i motbakkar og MÅ kunne skifte fokus". MEN:  ingen har svar på utfordringane som ventar småbygda vår i framtida - heller ikkje rådmann Flackè kom med svar denne kvelden.

...og deretter var det  kun duka for moro, mat og gode opplevingar.

Dei gode opplevingane stod ungane for: både Kristiane, Elise, Ida, Malena og Sebastian varta opp med flotte musikalske innslag på fiolin, gitar, sang ,piano og fløyte.

Me fekk servert lokal mat: røykelaks, fenalår, grovbrød, kaker, eplesaft og kaffe.

 

 

 

 Svanhild Hjorteland fortalde om Jøsneset Helselag sine aktivitetar og virkemål

Mikal O Viga  i "Mikal Laks" hadde eit innlegg om si røykelaks-verksemd og om fordeler og ulemper med å drive på ein liten stad som Jøsneset, med to ferjer som dageg utfordring. Mikal: som vanleg: litt beskjeden; sa jo ingenting om Norgesmester-titlane dei drar inn år etter år - men heldigvis VEIT me jo det, at røykelaksen ikkje berre er Norges beste, men òg verdens beste.Wink

 

Silje Sværen fortalde litt om landbruksnæringa på Jøsneset og produsentar av lokal merkevaremat


.....medan "teknikken" svikta og folk improviserte i vei....

 

Og så kom VÆREN.......ja, for me hadde jo blitt lova ein KJENDIS !!
Og der kom han ut på scenen; i all sin prakt og velde, og VÆR-lukta strøymde ut i gymsalen som ein vegg! ..Kunne nesten ha bedøvd heile forsamlinga ....om ikkje sjølvaste "TRINE DANIELSEN" òg hadde kome trippande inn på scenen med sitt klirrande ordførarkjede og klingande Trønderdialekt. "Trine" var på jobb-intervju på Jøsneset, men Juryen (beståande av BondenFoss og Væren) fant henne for svak ift kriteriene: dugnadsånd, tradisjonsmat, og arbeidsinnsats.Surprised 

Haugesunds-bedåraren "GUNNAR VIK" derimot;  bestod testen og er nå klar for sitt nye liv på Jøsneset saman med barneflokken sin !Tongue Out...det kan bli duka for mange artige Damekveldar i Trivselstova nå framover.

Takk til Bygdarådet for ein artig Bygdakveld ...me kan vel konstatere litt av det me trudde: at humoren og galskapen lever i Solbygda trass i mørke skyer !!

 

 

Foto: Ingeborg Westersjø

 

 

 

FaceBook
Facebook