1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

14 damer +2 takker+ 1 nordlandslefsedeig + 1 krotekakedeig = lystig lag i Trivselstova!  Takkene dampa, mjølet rauk, kjevlene rulla, lefsepinnane svinga  og bakepraten stod i taket. Slik er Damekveldane i bygdaWink

 


Svanhild og Olga rullar ut første krotekake - husk halvvarm takke og ikkje spar på mjølet når du kjevlar ut.

 


Bruk gjerne baksida av ein vokstduk til å kjevle ut leivane på...og bruk sikta mjøl, så slepp du hol og klumpar i deigen. Leivane kan gjerne ligge å godgjere seg ein times tid før du bakar dei ut.

 


Etter at alle leivane var baka ut og steikt, blei dei smurt med deilig smørkrem med sukker i. Og her gjeld kun ekte smør !
Og så blei det kaffe og smaking av den nydelege, lunka nybakte baksten.....mmmmm...kan kje bli bedre !!

Triveleg Damekveld på tvers av generasjonane - og med tradisjonsbakst og julegodt i fokus.

Arrangør: Jøsneset Helselag saman med bakstekånene Olga og Marta.

 

 

FaceBook
Facebook