1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Det er mange aktivitetar som finn stad i dei fråflytta skulebygga for tida. Denne tilfeldige tysdagskvelden kom Lesesirkel-gruppå på leit etter Anne....ho skulle jo ha vært med! Hm...nokon meinte å sett henne på dansen i gymsalen, men den var jo slutt! Men, joda, Anne ho var framleis i gymsalen - men nå på taekwondo-trening!! Her øves det saman i to ulike kampsportar - TAEKWONDO som er ei koreansk sjølvforsvarsgrein og olympisk konkurranseidrett. Og KARATE som er eit japansk kampsystem.  Her på Jøsneset går desse to urgamle verdenssportane veldig fint hånd i hånd.

Kristiane frå venstre på karate - ho trenar vanlegvis på Tau saman med far Sven. Og Anne og Tania som saman med Aaron reiser heilt til Stavanger på treningar.  Då er det veldig fint å ha felles treningsarena hima i gymsalen. Anne er nybyrjar og har hittil lågaste grad:  kvitt belte. Nå øver ho til neste gradering: gult belte!  Cup-graderinga skal skje før påske og me ønsker Anne lykke til !! Sprek dame, ikkje sant !! Tania til høgre har rødt belte, og det betyr at ho har jobba seg godt langt opp i gradene !! Kristiane har blått belte og er ca halvvegs på karategraderingane. Så Anne har nok god hjelp av ungjentene - WOW altså : Fossdalsdamer nå til dags  !!

FaceBook
Facebook