1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det er jamnleg og aktiv bruk av turstiane våre. Det betyr at mange av stiane er nokså tydelege og greie å finne. Men er ein ukjent på staden, og litt i tvil om retningane, så er det veldig godt at stiane både er skilta og merka.  På Jøsneset er det 13 frivillige turstifadrar, som har påtatt seg ansvar for kvar sine ruter, og våren er tida for oppfrisking av merker og skilt.

Her er det Ellen Mari som er ute med nye merkepinnar på ruta  Austad-Brynå-Asheim + litt skilting og litt rydding i busk og kratt.   Ta gjerne turen ut du òg - og har du lyst å bli med som fadder, så er det plass til fleire. Det er ikkje så mykje arbeid, men fint viss ein går over "ruta si" iallefall ein gong pr år.

Det er òg fleire stadnamnskilt som skal  ut i terrenget - ta kontakt om du har lyst å bidra med dette. 

Spørsmål ? eller treng du utstyr til merkinga? Ta kontakt med turstikoordinator for Jøneset Helselag: Svanhild Hjorteland Gbada 97 00 76 36. 

Er du i tvil på kor rutene går: her er TURSTIKART FOR JØSNESET !

Tusen takk til alle turstifadrar smile

 

 

 

 

FaceBook
Facebook