1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Det kan seiast mykje rart om annleis-året 2020: men eit aktivt turår på Jøsneset, det var det iallefall smile Dei 10 turpostane på Jøsneset har hatt rekordbesøk, og det totale tal besøkande på våre turpostar er 5606 stk.  Det er 1200 fleire enn 2019 !
Det er framleis Håvehammar som tronar øverst som Jøsneset sin mest populære turpost ! Men denne gongen har Fosstemmen snike seg forbi Nesdalsfjell, og er nå nr 2 på lista over populære turpostar (sannsynlegv vha at Øyvind Oaland har gått opp/skrive seg inn heile 170 gonger - Slå den ! )    Det er òg veldig kjekt å sjå at toppturane lokkar; for det er kraftige plusstal på våre aller høgaste turpostar. Som td Gunlanuten pluss 150, Valafjell pluss 100 og Røssenibben pluss 235 (kodejaktpost).  Me rettar ei stor takk til dei 13 frivillige som har "fadderansvar" for turløypene, og held merker, skilt og turkassar i orden ! Mange takk!

Helselaget har nå foretatt trekning blant alle dei 5606 namna i dei 13 bøkene (inkl 3 barnebøker)
Og her er vinnarane:


Vinnarane får i år kva si termoflaske HYDRO FLASK 621ml.  Vinnarane kan kontakte Svanhild på 97007636 for overlevering, eller de blir kontakta etterkvart.

 

Påsken er som skapt for hyggelige nærturar.  Ja, la deg lokke av alle løypene me har på Jøsneset, finn deg ei rute i TURKART FOR JØSNESET

Og har du lyst å bli medlem i Jøsneset Helselag; ja, så sjå HER
Me ønskjer alle ei finfin påske


 

 

 

 

FaceBook
Facebook