1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Er du ei leseløve ? Eller har lyst å lese eller lytte til meir bøker og diskutere de med andre ?  Då er du velkommen i Jøsneset Boksirkel, som er ....

....eit lite knippe Jøsnesdamer som møtes i Bokrommet på Grendahuset kvar første onsdagskveld i månaden.   Her diskuterer me  bøker me har lest.  Ja, kvifor er det berre damer? Tja, det lurer me også på ! For her blir det lest bøker i alle sjangrar, frå alle land og frå svært ulike forfattarar.  Veldig kjekt med nye leseglade, anten det er menn eller damer, unge eller eldre: nye medlemmer er velkomne !

Me blir enige om ein bok me alle skal lese heime kvar for oss - og så diskuterer me boka på neste treff.  Det er ofte me har svært ulike oppfatningar om dei bøkene me har lest  - og ofte skaper temaet i boka grunnlag for nye diskusjonar som drar i allslags retningar. 

Dette er berre for kos og interesse - Det er låg terskel og ingen "leseplikt". Du kan sjølv vere med å foreslå nye titlar og ulike sjangrar bøker.   Akkurat nå i november er det krim som pågår, Kastanjemannen av Søren Sveistrup.   Me låner bøkene på bibioteket, så dette kostar ingenting. Send gjerne ei melding til Svanhild på 97 00 76 36 om du har lyst å bli med, så skaffar me boka til deg.  Og elles er det berre å møte opp på bokrommet på gamleskulen v/ Grendahuset kl 19.30 onsdag 1.desember.  Eller: om du treng litt lengre betenkningstid; onsdag 5 januar 2022. ....og deretter kvar første onsdag i månaden. Velkommen !

:

 

Det er veldig kjekt om akkurat DU har lyst å bli med !!  Møt berre oppDet er òg eit rikt utval av bøker og spel til utlån på gamleskulen - Ta kontakt med Marit Wyller 905 37 548 eller møt opp i boksirkelen - så kan du få låne bøker her </p>

FaceBook
Facebook