1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Torsdag i sist veke var Åsmund Tuntland frå Hjelmeland Røde Kors Ambulansetenesta på Jøsneset for å lære oss om hjarte-og lungeredning,  og om korleis bygda sin nyinnkjøpte hjartestartar virkar. Eit kurs om og for LIVET altsåSmile.
Skulle du kome ut for ein situasjon der du finn ein person medvitlaus og ikkje-pustande, er det viktigaste å gjere NOKO iallefall....gjer det DU kan ! Tuntland sitt poeng er at det værste ein kan gjere er berre å sjå på, og ikkje gjere noko - uansett er det bedre å gjere NOKO, for ein gjer uansett ikkje noko gale:  få personen over i rett sideleie, frigje luftvegane, trykk (30) og blås (2) - og ikkje minst tilkall meir hjelp!!! HLR er tungt, men det er ekstremt viktig at ein kjem raskt i gong og held ut til hjelpa kjem !  

Tuntland har eit STORT engasjement for å lære folk GRUNNLEGGANDE hjarte-og livredding, og reiser rundt alle stader for å lære folk opp i å hjelpe andre. Det er verdt å lytte til hans råd !

Tuntland meinte den ny-innkjøpte hjartestartaren til Jøsneset er moderne, god og nyttig og kan bli til SVÆRT god hjelp om nauda skulle vere ute. Men uansett: di hand, din innsats og di omsorg er uansett det viktigaste !! Set igong med HLR til du får tak meir hjelp og hjartestartaren.  Hugs òg at du får god hjelp og rettleiing når du ringer naudhjelpstelefonen 113.

Slik ser den nye hjartestartaren ut: eit apparat som ALLTID står parat for å hjelpe deg til å redde liv ! Det er alltid batteri på apparatet, og når du opnar maskinen vil ei kvinnestemme forklare alt du skal gjere trinn for trinn.  Det er Jøsneset Helselag som har kjøpt inn apparatet og den vil bli plassert ut på ein sentral stad der den alltid er tilgjengeleg, sannsynlegvis branngarasjen,  og det vil bli laga rutinar for jamnleg sjekk av apparatet.

Meir info kjem frå Helselaget når dette er på plass. Dei ville òg sjekke ut moglegheit for meir kursing i bruk av apparatet. Følg med, folkens.
Men som Tuntland sa: "Eg håper de aldri vil få bruk for det"

Foto: svanhild hjorteland gbada

FaceBook
Facebook