1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Statens Vegvesen sender i desse dagar ut nye ferjeruter som skal gjelde frå 01.mai.
Rutene finn du HER.

I vinter var det eit relativt stort engasjement kring ferjerutene; og både kommunen og bygdaråd sendte uttale til forslaget. Ein av merknadane frå lokalmiljøet her inne var at det var alt for lang tid mellom avgangane midt på dagen, dvs  1 1/2 time mellom kvar avgang er for lenge på eit riksvegsamband.

I den nye ruta har Statens Vegvesen likevel gjort tvert om; og forlenga tida mellom avgangen midt på dagen; så nå vil altså stamvegen her vere stengt i 1 time og 45 min midt på dagen (dvs 12.30 frå Hjelmeland. Neste: 14.15) !

Statens Vegvesen skriv i sitt oversendingsbrev: "

I arbeidet med å godkjenne ein ny ruteplan for sambandet har Statens vegvesen prøvd å ta omsyn til innkomne merknader frå kommunane samt å tilpasse rutene noko betre til nye ruter i sambandet Stavanger – Tau frå 1. januar 2010. I dette arbeidet har det ikkje vore mogeleg å imøtekome alle ønskjer då dei til tider ikkje er praktisk mogeleg å gjennomføre,  eller kostnader med tiltak ligg utafor dei økonomiske rammer vi har til rådvelde.

Det er òg kutta ut ein avgang på kveldstid; 19.45 frå Hjelmeland; det betyr 1 time mellom avgangane midt i den travlnaste tida for fritidsaktivitetar for barn/ungeSurprised

Eit døme: har du eit barn som går på ein times trening eller musikkundervisning som startar 18.30 på Hjelmeland, så må du ta ferja 17.30 frå Nesvik for å rekke det (for 18-ferja går via Ombo, og då kjem du akkurat for seint). Etter at fritidsaktiveteten er slutt 19.30, så må du vente til 20.15 for å kome deg heim. Vips har du brukt: over 3 timar på ein liten fritidsaktivitet !!

Ein positiv ting er jo at siste avgang er blitt seinare: 00.30 frå Hjelmeland og 00:45 frå Nesvik; så nå kan me "rangla" om ikkje annaCool.

Me tippar at ferjeruter blir eit gjentakande tema både for folk flest, for bygdaråda og for kommunen i åra framover ......med mindre me får oss Jøsenfast i ein fei !!

FaceBook
Facebook