1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

  Arthur Westersjø slo på stortromma laurdag 24.04 og inviterte like godt HEILE BYGDA på 90-årsfest !!

  
Bygda viste seg frå si aller flottaste side denne vakre vårdagen - var nok til ære for jubilanten det !! Bygdefolk, vener og familie strøymde til gymsalen denne aprildagen, og ein elegant og festkledd Arthur gjekk rundt og ønskte alle velkomne med eit sterkt handtrykk.  Ein usedvanleg sprek 90-åring - ingen tvil om det !

  

I salen stod fire flotte bord dekka; og flotte smørbrød og deilige kaker blei me servert.

Arthur delte 90års-talen sin opp i tre 30-årsbolkar; og slik fekk me gjestene eit innblikk i eit langt og innhaldsrikt liv frå dei harde mellomkrigsåra og fram til vår velstandstid. Arthur er kvikk og ordrik, og har ein svært god hukommelse. Fleire historirer både frå yrkesliv og kvardagsliv drog han fram denne dagen. Interessant og artig; og med glimt i auga drog han òg fram den eine vitsen etter den andre.....godt supplert av sin sønn og toastmaster Sven :-) 

Elles blei det fleire talar; både frå slekt, vener, kollega og nabo. Med sin næraste familie, naboar, bygdefolk og venner rundt seg, fekk Arthur skapt ein orntlig kosleg og lun feiring av sin 90 års-dag !!

Me på Jøsnes-sida takkar for raus invitasjon til bygdefolket, og sender våre HJARTLEGASTE LYKKEØNSKINGAR TIL DEN SPREKE 90-ÅRS JUBILANTEN !!!






Foto: Thomas Tjeltveit

FaceBook
Facebook