1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Revygjengen ga publikum gode opplevingar Påskeaften i gymsalen. Dei er etterkvart blitt ein dreven gjeng med gode idèar og rare påfunn. Her er de tydeligvis blitt inspirert av både det lokale damekoret "KorLøye" og slageren "We are the world". Ein artig kombinasjon, og med stor innleving tok koristane salen med stormKiss



Her ein sekvens frå lokaldebatten om Jøsenfast. Statråd Hjelmfrid (Lene) var på plass; behørig "utsmykka", bonden frå Erfjord (Maria) og treningssenterledar/klesdesignar frå Jøsenfjorden (Lise) var begge litt lunkne til fastlandssambandet. Men optimisten frå Jøsneset (Anita) var klar med slagord, trillebår og dugnadsånd - så nå er tunnelbygginga i full sving med god hjelp av "Bojen"Laughing - i ekte jøsnesk åndWink

 

Dei 4 Damene her representerer vel forøvrig "primus-motoren" i revygjengen: Lene, Maria, Lise og Anita .....me tippar at mesteparten av stoffet er forfatta av damene i lag på kalde vinterkveldar i byen. At dei har tankar for bygdelivet og bringer stoffet med seg inn til bygda og fram på scenen for å glede Jøsnesbuen er KJEMPEFLOTT !!!  Bra jobba Damer ! Så kjekt at Jøsneset har slike ressurspersonar som dokke ! Og flott at dei 3 staute og lite høgtidelege mannfolka frå bygda stiller mannsterkt og kreativt opp.

Her er den eine:


Revygjengen lurte nemlig med eit hemmeleg "wild-card" på førehand, og kven hadde tippa at det var Torstein Rødde som debuterte på scenen: her i stor innleving som sovande Ombo-bu-pendlar på ferjåWinkrektig god på snorking...


Songen "Nauste uten T" var ein artig sak med masse tekst å huske på ....med fokus på Mixn sitt store vareutvalg !

Sven må vel vere Jøsnesets svar på Leif Juster !!  Her i "Konfirmasjonstalen" - eit flott stand-up nummer som òg enda opp med stor innleving på luftgitarspelinga på slutten.

Joda, revyen bar preg av stor innleving....takk folkens !

Revygjengen bestod altså av:
Kåre Nesvik, Sven Westersjø, Torstein Rødde, Anita Skiftun, Lene Hjorteland, Maria Brandal Eiane og Lise Tjeltveit.
Gitar: Jone Hjorteland
Lyd og lys: Thomas Tjeltveit og Jonas Hjorteland Gbada.

Takk til heile gjengen !!

FaceBook
Facebook