1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

I fjor på desse tider kunne me skrive om auka bruk av nettsida vår. Det gledelege er at det kan me skrive om i år òg !!

For sida vår blir stadig meir besøkt
Smile.

I fjor hadde besøkstalet auka frå ca 9500 besøkande til 13 500, altså eit auke i besøktalet på 4000. I år aukar me frå 13 500 besøk til  18 756, dvs ein auke på 5 256 besøk !!

Dette er supert; for sida vår er "smal"og målgruppa for denne bygdesida er relativt lita.
Dette viser òg at nettsida vår er ein kanal som når ut, så her må de vere frampå folkens om de har lyst å få formidla noko kjekt og positivt om og for Jøsneset.

 

Talet på unike brukarar har òg auka frå i fjor, dvs ulike PCar som loggar seg på sida. I fjor var det talet 3924. Ila 2011 blei det heile 6 253.

Tilsaman er det opna 63 390 sider på nettsida vår; dvs har opna ulike artiklar/sider hjå oss.

Snittet pr mnd er ca 1500 besøk, der november var den mest besøkte månaden med 1730 besøk.

Også brukerar pr dag stig; i 2010 var det eit snitt på 30 brukarar pr dag, i 2011 var det 40 brukarar pr dag. I år er gjennomsnittet på ca 50 brukarar pr dag.

Den mest nytta dagen til å besøke sida vår er søndagar, og det er tidsrommet 19-22 som har mest trafikk.

Ut frå statistikken kan me òg sjå at mange fleire enn før linke seg inn på sida vår via Facebook, og det er vel fordi me i 2011 har vore meir aktive til å dele nye artiklar via Facebook.

Framleis er det sjølvsagt brukarar i Norge som tronar på topp av gjestelisa vår, med Europeiske land og USA på dei neste plassene. Deretter er det faktisk Russland og Finland som kjem på dei neste plassene, og deretter Japan! Men me har over 50 land på besøkslista vår, alt frå Island til Quatar, frå Polen til Venezuela, India og Kazakstan; så på den måten når vesle Jøsneset ut i den store verdaLaughing

I år hadde me nokre artiklar som fekk over 4000 treff !!! Det var om BARNEDÅP MED FORVIKLINGAR frå januar og SALG AV JØSENFJORD-T-SKJORTENE frå mars. Er ikkje det fantastisk folkens.

Elles har me 30-40 artiklar som har mellom 3-4000 treff, så dette må vere bra !!

Me håpar folk vil bruke sida vår vidare framover òg. Då er me avhengige av gode tips og stoff/bilder frå dykk lesarar.

Det er veldig enkelt å få formidle ut et budskap: det er berre å sende oss ein e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., så legg me det ut for deg !!  Stoffet må ha relevans til Jøsnesbygda. Og husk: for denne sida er ingenting for liteSmile



Bruk sida aktivt ......så kanskje får me ny besøksrekord igjen til neste år!

FaceBook
Facebook