Den siste tida har det vore mykje nedsett kapasitet på ferja pga farleg last. Norled sender ut SMS-varsel. Men obs : av og til kjem meldingane frå Norled RETT før avgang, som td i går 18 jan då Norled sendte ut melding om nedsett kapasitet eit kvarter før ferjeavgongen. Då var det kun 12 passasjerar som kunne bli med ferja. Me kan ikkje legge ut melding om slik nedsett ferjekapasitet her på nettsida, når varslinga kjem så kort før. Difor:
Bestill SMS-varsling på din mobil. Send følgjande melding til TIDE på nr 2077:
Tide varsle 1027 - då får du SMS-varsel for Hjelmeland-Nesvik ruta.
Alle ferje-og rutebåtsamband har eit RUTENUMMER, så du kan bestille varsling på kva samband du vil. Finn rutenummer og få meir info på Norled/ TIDE SI NETTSIDE
Nytt frå Strandbuen
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
- UP kontrollerte 80-sone i tre timer – flere måtte betale