Skiftun kai har i generasjonar vore bygda sin viktigaste møteplass. Dåtidas "internett" der informasjon fløyma ut og inn -og nye trendar openberra seg.

Rutebåtar har kome, rutebåtar har gått. Hurtigbåtar, butikk, post, fiskemottak, bryggedans, båthamn, fisking, bading, siderbrygging....og meir til. I 1922 skjedde dei ei stor oppgradering av kaien, og det er i år 100 år sidan. Nå har me hatt 2 år med korona og sosial distanse - det er jammen på tide å samlast igjen - på kaien, som i gamle dagar - Så velkommen fastbuande, fritidsbuande og ferierande gjester !

Jøsneset Bygdaråd inviterar til ein uformell sosial kosedag på Skiftukaien. Det blir prat og mat, kaffe og saft, aktivitetar og Quiss/Natursti til Smidjehaugen, Skiftu-kai-historie, og kanskje meir? . Ta med deg familie og venner - Det blir kanoar og SUP-brett i standa, og kanskje ein liten rokonkurranse?
Set av datoen - Meir info kjem

PS: bildet ovanfor er ein tidstypisk situasjon frå 1968: karane møtes i god tid før rutebåten kom. Oppdateringar ! Bildet er tatt av Svein Hauge. Eit av quiss-spørsmåla blir: kven er karane på bildet?
PPS: bildet under er eit gammalt prospektkort. Sikkert eldre enn 1922 - for her var det berre trebrygge.
FaceBook
Facebook