Jøsneset Helselag ønskjer velkommen til Hardhausen 2022 på søndag 1.pinsedag. Alt er i rute, heia er snøfri og fin, ein del ruter er nymerka og værmeldinga er bra !

I år skjer alt på same dag 1. pinsedag, slik "før-koronatid".  Du har to muligheter for start: Start Åsland: Her vil du møte Marit frå morgonen av, men du finn òg ein plakat med info om påmelding via sms og betaling via vipps og info om parkering. Start Fosstemmen: du må GÅ for å komme deg til sekretariatet/basen ved Fosstemmen.  Du kjem deg dit anten frå Foss eller Åsland, sjå TURKART JØSNESET

Her finn du MEIR INFO OM LØYPENE OG OPPLEGGET 

Kom elles gjerne berre opp til Fosstemmen for å nyte dagen og få deg ein kopp kaffe, ta deg ein padletur (husk redningsvest) eit bad eller ein liten natur-quiss for barn.  Svanhild og Berit har fyr på bålpannene heile dagen, så ta gjerne med grillmat !  Her er òg Røde Kors stasjonert heile dagen.  Eller ta turen til Gunlabu, der Ellen Mari har "pop-up-nøtte-og saft-stasjon" denne dagen !    TREKNING AV PREMIAR SKJER KL 15.30 v/ FOSSTEMMEN. 

Me håpar alle får ein nydeleg dag, anten du vel å gå langt eller kort. Husk å nyte dagen og naturen - og del gjerne gleda med oss alle:
ME INVITERAR TIL SELFIE-KONKURRANSE, SEND DIN SELFIE TIL JØSNESSIÅ v/ SOLVEIG BOG PÅ MESSENGER ELLER SMS :

Spørsmål? Ta kontakt på 97 00 76 36

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook