1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Laurdag var det 25 stk som gjekk Hardhausen og søndag 29 stk + 4 stk på 3nutstur.  Været har vore variert og vekslande - noko som eigentleg passer godt ettersom tema for fotokonkurransen er "VÆRSTEMNING" 

Alle foto som sendes inn blir publisertFacebook-arrangementet Hardhausen 2021 .   I løpet av dei to første dagane har me mottatt mange bilder av ulikt vær på ulike stader frå ulke folk !  Gå inn på FB-sida og sjå ! Det blir kåra ein vinnar  - men først når alle har fått sjansen til å gå.   Mandag 2. pinsedag meldes det muligens bittelitt finare ?  Dette kan føre til enda fleire blinkskudd.  God tur !! 

PS: Fotoet ovanfor er tatt av Siren Johanne Lorvik på Norda Høgaste- og er eitt av mange som er med i fotokonkurransen - altså ingen kåring foretatt enda !

 

 

Minner elles om at gapahuken og bålpanna på Fosstemmen :  I år (som i fjor) er det ingen sosial happening der ifm arrangementet, men plassen er open for kven som vil - så det er berre å gå innom å fyre opp og grille seg mat 

FaceBook
Facebook