1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Mikal Laks AS feirar nå 10-års-jubileum på Jøsneset, og inviterte like godt heile bygda, Jøsenfjordbygda, hyttefolk og slekt/venner og på jubileumsfest. Regnet sila ned, men folk strøymde likevel til grillovnane i partyteltet.

 



Det passa visst godt for folk med grilla laks som alternativ til den ordinære fredagsmiddagen, for det  var svært  folksomt på plassen.  Alle fekk servert rikelege mengder av grilla laks og kveite + mange variantar røykelaks/gravlaks med diverse tilbehør. Mmmmm - dette var godt !!! Ikkje så rart kanskje; råvarene er lokalprodusert av Mikal Laks og vel tilberdt av Master Chef Rune Løyning.

Sjølv om regnet hølja ned, så var det god stemning rundt borda; og det blei god prat rundt kakene/kaffikoppane. Det var òg eit par små konkurransar, der Berit T. Skiftun gjorde "reint bord" og hala inn både røykelaks og T-skjorte i premie.

Mikal Viga takka alle gode tilsette opp gjennom dei ti åra. Han fortalde òg litt om utviklinga av verksemda: ei verksemd som starta i det små heime på "kjøkkenbenken" og som nå har ei årleg omsetning på rundt 10 mill ! Mikal påpeika at matbransjen er tøff - men dei siktar framleis framover.

Folk kosa seg eit par ettermiddagstimar med god mat, gode kaker, kaffe, god drøs  - og ikkje minst - for borna var det veldig populært med hoppeslott !!!

Me gratulerar 10-års-jubilanten !!



 



FaceBook
Facebook