1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Jøsneset skule hadde tradisjonen tru sommaravslutning i gymsalen saman med Kulturskulen onsdagkveld. Elevane hadde sett samen et fullpakka 1-times variert program; med piano-, gitar,- fiolin og fløytespel, dans, diktopplesing, rytmeorkester......og ikkje minst fleire fyldige power-point-presentasjonar om Arne GarborgWink. Men det mest populære innslaget var nok den litt spesielle ArneGarborg-rappenLaughing. Flott å få presentert Garborg i eit moderne formspråk. Mange flotte, flinke elevar som fortener ei stor takk!

Rektor Rasin nytta høvet til å takke elevflokken, og ikkje minst "ta farvel" med dei seks 7.klassingane som nå er klare for Ungdomskulen. Han sa dei kom til å bli saknelege i skulemiljøet på Jøsneset skule, ikkje minst fordi det ikkje er nokon som byrjar i 1.klasse i år. Til neste år blir det 19 elevar på Jøsneset skule (mot 25 dette året - noko som ifl Rasin var det høgaste elevtalet på 30 år).

FaceBook
Facebook