Jøsnesguten Sondre Fosså (17) var ein av svært få sikkerheitsklarerte personar som fekk møte og prate med Kofi Annan når han var innom Stavanger på Aqua Vision-konferansen i dag, 12 juni. 

"Det var ein grei kar" i følge SondreWink

Sondre blei intervjua av NRK om treffet. Klikk på bildet så får du høyre Sondre fortelje om deira forskningsprosekt "Feeding the future" og kvifor nettopp han fekk den æra å treffe den verdskjende fredsmeklaren.

 

Sondre går på Rygjabø vidaregåande skule. Det var i samband med prosjektet "Feeding the Future" at han var ein av nokre få andre skuleelevar som fekk ein 7 minutters prat med Annan.  Kofi Annan hadde eit føredrag på konferansen, og er svært engasjert i korleis ein skal løyse matutfordringane for den stadig veksande befolkninga på jordkloden. I følgje Sondre sa Annan til dei at det var veldig flott og viktig  at ungdom er engasjert i slikt arbeid gjennom dei prosjekta dei nå arbeidar med på skulen.

Les meir om Sondre sitt møte med Kofi i ØYPOSTEN og SKRETTING og STAVANGER AFTENBLAD

 Foto: Stavanger Aftenblad, Jan Inge Haga

FaceBook
Facebook