INFO FRÅ STATENS VEGVESEN:

Rv 13 fergeavgang mellom Hjelmeland og Nesvik natt til fredag 29.01.21 vil siste avgang fra Nesvik være kl 0000 begynner å gå igjen ved avgang 0455 fredag morgen. Det vil være mulig for utrykningskjøretøyer å passere ved at vi avbryter graving og fyller igjen kryssing viss behov. 

 
Livar Thomassen, Statens vegvesen, Drift og vedlikehold

FaceBook

NRK melder at det er opprør blant yrkesfiskarane som driv med leppefiske pga nye krav til teinene. Jøsnesfiskaren Joachim Langvik blir sterkt berørt av regelendringane, og engasjerer seg i saken òg på vegne av andre yrkesfiskerar.  Saken er nå er løfta opp til fiskeriminsisteren sitt bord. Her kan du lese HEILE ARTIKKELEN I NRK

Foto: NRK

FaceBook

Drøymer du om å bu landleg på eit lite småbruk; ja, då har du sjansen nå.  Eigdommen på Skiftun 107  på Skiftun er til salgs. Eigedommen er ANNONSERT PÅ FINN.NO, og det står mellom anna: 

Unikt småbruk med strandlinje, naust og verksted: 
Fantastisk eiendom med sørvestvendt og solrik beliggenhet og med mange muligheter for de som vil bo landlig og fredelig. Eiendommen gir muligheter for å ha dyr og å drive med dyrking av grønnsaker og frukt. Det er meget gode vekstvilkår for frukt i området. Naustet ligger på naboeiendommen, og eiendommen har veirett over naboeiendommen for å komme seg til naustet.
Eiendommen har ca. 200 meter strandlinje som stort sett består av svaberg og fjell. Det er totalt ca 8 mål dyrka mark på eiendommen. Det er driveplikt på all dyrka mark.
Boligen er i overkant av 40 år og bærer preg av at den ikke er påkostet de senere årene.

I følge Strandbuen er det stor interesse for eigedommen - på ei veke har 13 000 vore inne på annonsa og 13 stk har meldt seg interessert.

Klikk deg inn på annonsa og sjå om dette er buplassen for deg - Jøsnesbygda ønskjer seg fleire sambygdingar !

 

 

FaceBook

Me som bur på landsbygda er heldige som kan gå ut og oppleve mørket, stjernehimmelen og fullmåneskinet ! Dette blir enda flottare når turen går opp til ei markant nibbe 500 m over fjorden - med panoramautsikt over heile Ryfylke. I mørket her kan du oppleve lyset frå bygdene rundt, saman med fjordbassenget og himmelkvelven! Wow ! Bli med då vel !!!
FaceBook



ONSDAG 20 FEBRUAR kl 19.00

Innkalling og sakliste kjem seinare. Dersom de har saker de ønskjer Bygdarådet skal ta opp,
gi melding til Unni 403 94 743 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Bygdarådet har styremøte 30.januar.

FaceBook

Nytt år - nye muligheter!!  Kanskje me skal bli så sterke at me kan løfta ein hest ? laughing  Då er det på an igjen med trening !!  Opplegget blir som før i GYMSALEN torsdagar kl 19.30.  Det blir oppvarming, sirkeltrening med musikk og gjerne litt kondisjonsøvingar og god utstrekk på slutten. Silje blir med som instruktør. Nye og "gamle" deltakarar er hjarteleg velkomne !

FaceBook



HJELMELAND TURLAG arrangerer fellestur til Fosstemmen mandag 13.februar. Det er to dagar etter fullmåne - så håpet er at himmelen er klar og månen skin og at snøen ligg tung. Turen startar kl 17.00 frå Foss. Ja, kanskje litt tidleg, men det er fordi turen òg skal kunne passe for barn (ja, i følgje med vaksne).  Varm suppe frå bålet blir servert medan RASIN TJELTVEIT fortel lokalhistorier !  Evt andre aktivitetar om det er snø/is - blir ev annonsert når det nærmar seg.
Meir info om turen på PLAKATEN.  
Meir info om alle turar: Hjelmeland Turlag Turprogram 2017.  
Alle turar blir annonsert på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside 
og på nettsidene til Stavanger Turistforening

FaceBook

Tysdag 24. jan 17  er for andre gong folkeavrøysting i Hjelmeland om kommunereformen. Denne gonger er spørsmålet:

"Med grunnlag i intensjonsavtala: Ynskjer du at Stortinget skal vedta ein ny kommune der Forsand, Strand og Hjelmeland vert slegne saman?" 
Svaralternativa på stemmesetelen er: ja/nei/veit ikkje"

Endleleg oppteljing ga følgjande resultat: 
488 stemmer =51,69 % NEI
436 stemmer = 46,19 JA
20 stemmer= 2,12 % VEIT IKKJE
Deltakarprosent: 44,3 % 

FaceBook


Litt forsinka nyttårshelsing frå Skiftustranda ...ja, for det er etterkvart blitt tradisjon blant nokre av jøsnesbuane å hive seg uti den friske fjorden på årets siste dag - sama koss surt og grått været er!!   9 stk stilde opp i badebukser og bikiniar og sydvestar og ullsokkar omanidom.  Denne dagen var det ikkje særs kaldt, men regnet hølja ned, så det var godt å ha paraply med laughing.....sånn sett minna det litt om enkelte jonsokafter på same stadwink

FaceBook

Ida og Tania inviterer alle danseglade fra 10 til 100 år til dansetrening i gymsalen tirsdagar klokka 18:00!

FaceBook

Mildværet satte ein liten stoppar for skøytetrimmen - men fortvil ikkje: Kristiane og Madelen har nytt tilbod på gang:

FaceBook


isbingen er blitt ein kjekk samlingsplass i vinterkulda, og Madelen og Kristiane inviterar kvar torsdag til skøytetrim, sjå artikkel under. Torsdag 21.jan kl 18.00 slår ein saman skeisetrimmen òg med sosial treff og MAT smile Bålpanna blir fyrt opp og Bygdarådet spanderer grilla hamburgerar for svultne skøyteløparar.  Ta med skøytene, godt med klær og kom !!! Alle velkomne.

FaceBook


Jøsneset er ikkje kjent for å vere ein skidestinasjon av kaliber - men desse flotte januardagane etter snøfallet fredagkveld - er det flotte skiforhold alle stader, både på ekrer og bakkar i låglandet og oppvoer heia. Snøen ligg glitrande silkemjuk over alt - og med minusgrader ned i 8-9 så held snøen seg fint. Her frå vegen inn mot Skiftustølen - her er det tråkka eit spor og finfint å gå (om du orkar alle Fossbakkane først).  Framleis litt lite snø til at det er greitt å gå ute i terrenget, som td oppover mot Gunlanut - men veldig fint på skogsveg og islagde vatn.

FaceBook

Suldal Billag set opp skibuss til Sauda Skisenter lørd 23.jan - frå Nesvik om interesse. NB: påmelding.   MEIR INFO

FaceBook



Hjortajakta er ein spennande haustaktivitet for mange på Jøsneset. Lurer du på kor mange dyr som blir skutt kvart år? Det er ikkje få; dei siste 9 åra har det blitt skutt eit gjennomsnitt på 44 hjortar pr år. I følge avskytningsplanen kunne det vore skutt 50 hjort i år. Resultatet blei 40. Her finn du heile fellingsrapporten for 2015 og oversikt dei siste åra, innsendt av Jøsneset Viltlag.

FaceBook


Cesilie på Nauste inviterar igjen til gratis te/kaffe/kakao kvar lørdag kl 17.00. Dørene på Nauste er opne for eit uformelt og sosialt kafètreffsmile

Det er elles litt utfordrande tider på Nauste nett nå - dette på grunn av tunnelarbeidet som medfører periodevis stengt RV13 - som igjen fører til at dei reisande kjem i puljer. Dette kombinert med dei nye hyppige ferjeavgangane medfører at ikkje så mange oppheld seg på Nesvik ferjekai like lenge som før.  Men Cesilie på Nauste svarar på utfordringa med følgjande melding ut på Nauste si Facebookside:

Så vil du ha deg ein matbit på ferja - så ring inn bestillinga di - SMART ikkje sant :-) Heia Cesilie !

FaceBook


Det er perfekte skeiseforhold i ballbingen. Isbingen er igjen tømt for snø etter snøfallet onsdag. TAKK til alle som har bidratt til snømåking både onsdag og torsdag. Nå kan Jostein og Sven legge meir vatn og nytt topplag om naudsynt. Det er òg mulig å få perfekte forhold seinare om det skulle bli ein mildværsperiode og deretter kaldt att. Det kunne me ikkje fått til om det var snø på isen. FINN FRAM SKEISENE OG NYT KULDEPERIODEN !! Torsdag kveld var det Skøytetrim i bingen i regi av Kristiane og Madelen - positiv aktivitet i kulden !!  Foto: Sven Westersjø

FaceBook

Uværet "Nina" herja stort i heile regionen laurdag 10.januar 2015. På Jøsneset var det straum-laust i mange timar lørdag ettermiddag og utover kvelden.  Vinden piska godt og sjøen stod svært høgt; så bølgene herja dualigt inn mot kysten. Her er eit eiketre tatt av vinden; flaks at det ikkje traff hytta; vegen til Nesvik blei dels stengt. Send gjerne inn dine bilder frå stormen: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook

Husk gå- og joggegruppe TORSDAGAR kl 19.00, Skiftukrossen. Torsdag 30. januar er det òg damekveld i Trivselstova kl 20.00 - så alle damer: då rekk dokke akkurat ein fin, frisk gåtur først.

FaceBook

Oppmøtet på volleyballen har stort sett halde seg stabilt gjennom vinteren. På siste trening onsdag kveld var det veldig bra: 6 stk på kvart lag!! Også denne kvelden blei det "gamlingane" (+ ein innleigd) mot ungdommane - alltid spennande: stor innsats på begge sider. Så møt opp vidare utover vinteren folkens !! Nye spelarar er òg velkomne til sosial og kjekk trim ! Onsdagar kl 20.00

FaceBook

.....Rauetødne, Busteidn, Revastien, Presthammarflådå ....ja, alt dette og mykje, mykje meir er lokale stadnamn på Jøsneset. Bildet ovanfor viser døme på eit kart med namnelister som me har mottatt.  Me har digitalisert inn mange kartlagde namn, og mange fleire namn fekk me inn på samlinga onsdag denne veka. Det var ein ivrig og kunnskapsrik gjeng som var samla i Trivselstova, og me "tok runden" på kartet med dei me alt har lagt inn - og diskuterte nye lister som kom inn.

FaceBook

NORLED melder at Ombo-turane utgår i kveld mandag 27.januar grunna uvær, sjå DRIFTSMELDINGAR NORLED.

 

FaceBook

Torsdag 30 januar kl 20:00 startar me opp att med damekveld. Alle er hjertelig velkomne til eit uformelt sosialt lag i trivselstova. 

Dei neste damekveldane er; 27. Februar, 27. Mars og 24. April ( I april blir det kanskje tema for kvelden).

Helselaget arrangerer årsmøte 4. Mars 2014. Meir info kjem seinare.

Huga å set av 8. Mai til hjartemarsj. Tur til Håvehammar og runde rundt traktorvei.

Alle arrangementer til helselaget ligg i kalenderen til høgre, så følg med på den,  og meir utfyllande informasjon om årsmøte, hjartemarsj og damekveld i april Kjem på nettstaden og i postkassen.

Alle born skal ha fått informasjon i hylla si om barnetrim, så følg sjølv med på oversikt om kven som har ansvar for dei ulike alderstrinn.

Familiebading og helsebading er igong igjen etter juleferie. Følg med i kalenderen om du er usikker på om det er.

 

 

FaceBook

TV Vest har ein flott programserie som heiter RYFYLKEVEGEN - ein serie som tar for seg ulike folk og stader langs vegen. I program 5 kom de innom Sand - og der møtte de Paula Foss - innehavar av kafeen og puben " Kjedlaren ". Paula er busett med familien i KnutsvikSmile koseleg innslag som du finn ved å klikke på bildet - Paula kjem nesten på slutten i programmet. Heile programserien anbefalast - flott PR for heile Ryfylke

FaceBook

Hjelmeland Turlag har klart TURPROGRAMMET 2014 (deriblandt tur til Herefjellet).
Men Turlaget startar året med ein innandørskveld og ein laaaangtur:

 

FaceBook

 Kristiane Westersjø - som nå har bada kvar lørdag sidan okotoberSurprised - sjekkar forholda for dagens bad: 1,5 grad i elva, omtrent det same på land, sur austavind og litt isflak i kantane på "bassenget" . Ingenting av dette hindra verken Kristiane eller 5 andre hardhausar å hoppe uti:

FaceBook



Auståvind, storm, snøføyk, regn og rusk....,ja, du trudde kanskje badelivet var parkert. Ånei då - siste to lørdagane har det - trass i det sure dritværet, vore jamnt og godt frammøte, ca 10 stk første lørdag i januar og 11 stk sist lørdag; det er hopping, dykking og svømming i Kogekjellå......så òg i morgon....me satsar på at vinden løyer akkurat kl 16 - møt opp !!

FaceBook


På opninga av Norges stand på Grûne Woche i Berlin fekk Mikal Laks overrakt prisen  "Spesialitet Unik Smak" av landbruksminister Sylvi Listhaug." Kvalitet i alle ledd gjør at norsk sjømat står så sterkt og verdsettes over hele verden for sin unike smak. Mikal Laks er en utmerket representant for dette" uttalar direktør i Matmerk Nina SundQuist. Les meir HER. Me på Jøsnessiå gratulerar Mikal og Astrid Fossaa Viga med nok ein pris for røykelaksen sin - me må snart gi dei ein pris for dei er flinke til å bevise at små verksemder i små bygder òg kan nå langt her i verdaSmile.   Mikal er her avbilda med Sylvi Listhaug og Magnus Skretting Atlantic Halibut i Berlin, fortel Astrid, som sjølv er heime og har det travelt på jobbWinkBravo !!

FaceBook



Me inviterar til nytt STADNAMNTREFF I TRIVSELSTOVA TIRSDAG 28.januar kl 19.00

Me har alt fått inn nokre kart med påteikna lokale stadnamn; m.a frå Nevik, Fosså og langs sjøen rundt Jøsneset.  Her var det mange artige namn, og svært lokalt. Desse namna har me fått lagt inn i kartbasen. For dei som fekk utdelt kart etter førre treff, og som ikkje har levert de inn att med påteikna namn: de kan gjerne levere de til ein av oss så snart som råd, slik at me får tid å legge de inn i kartet før treffet den 28.  Ta kontakt viss det er spørsmål. Ingeborg 92850297 og Svanhild 97007636

FaceBook

Minner om volleyballtrening kvar onsdag kl 20.00 i gymsalen

FaceBook

Helselaget melder at det skal handle om hjertestartar denne gongen. Røde kors kjem.

Husk damekveld (hører rykte om at denne også åpnes for menn for denne gongen) på torsdag 31.01.13 kl. 20.00 på Trivselståvå.

Sjå lapp på tavlene!

Arr. Helselaget

FaceBook

Det var eit spanande og engasjerande ope møte om rus på samfunnshuset den 10.01.13. Mange foreldre og andre møtte. Det var ambulansesjåfør og medlem i norsk folkehjelp Frode Vadla Risa som klarte å engasjera publikum, med stor innlevingLaughing Med seg hadde han den nye lensmannen i Hjelmeland Geir Fatland. Det var det rusførebygjande forumet i kommunen som var arrangør for kvelden.

Frode skal også snakke med 9. og 10. klasse på Hjelmeland ungdomsskule på fredag og dei har noko å glede seg tilSmile

FaceBook


Årets vinter har ikkje vore like fin som dei to føregåande. Men innimellom austavind, høljeregn og slapsevær, så glimtar det til med fine stemningsfulle stunder som det gjeld å nyte. Her frå Stien ovanfor Foss der naturen er kledd i sin vinterdrakt.

FaceBook

Vår lokale representant i Hjelmeland Hagelag, Elsa Nesvik Altamirano, fortel at ROSEKVELDEN sist veke blei godt besøkt, og dei hadde nok ein trivsleg hagekveld på Jøsneset.  Ca 30 deltakarar, deriblandt ca 10 frå Hjelmelandssida. Det var bra på denne særs forblåste januarkvelden!! Skryt til Hagelaget som "tør" å satse på arrangementer også på nordsida av fjorden, og at dei tiltrekk seg deltakarar frå Hjelmelandssida.Smile

Kveldens tema var ROSER, og foredragshaldaren Odd Haukås ga mange tips både om sortsvalg til ulikt bruk og ulik plassering, og om stell og skjøtsel av roser.
Han hadde òg med seg mange lysbilder som ga inspirasjon. Eit av tipsa: Brenneneslevatn - dette gir både sunn næring til rosene, og forbebygger mot ulike skadedyr.  

Elles blei det tid for triveleg prat, kaffe/kaffemat, åresalg og utlodning av diverse hagerelaterte gevinstar.
Ein triveleg kveld i regi av Hjelmeland Hagelag.

PS: og elles føyer me oss inn i gratulantane sine rekkjer, og gratulerar leiar i Hjelmeland Hagelag Tore Sandvik for Kulturprisen for Hjelmeland 2012.
Han fekk prisen både for sitt mangeårige frivillige engasjement innan idrett, men òg for sitt glødande engasjement for hagebruketKiss

 

FaceBook


Hjelmeland Turlag inviterer oss til Årsmøte + god mat, info om Metorittkrateret på Ritland og fotos frå heiane våre. Spinneriet, Hjelmeland 2.feb kl 19.30.  Les plakaten HER
PS: visste du forresten at i Hjelmeland er me "norgesmeistrar" i Turistforeningsmedlemskap: ingen kommune i landet har så mange medlemmer ift innbyggartal.......har hørt rykter om rundt 13 %. Vil du òg bli medlem, sjekk Den Norske Turisforeningen

Barnetrimmen er i gang og starta bra i dag. Mange glade ungar fekk endeleg trimma seg igjen, etter pause sidan før jul.

Lista over datoar og ansvarlege for barnetrimmen finn du i menyen til venstre under lag/organisasjonar og helselaget.

Du kan og finne lista her.

FaceBook

Eit av fleire fortrinn ved å bu på Jøsneset, er at det er kort veg frå fjord til fjell. Kun ein halvtimes kjøring unna, så er me oppe i flott skiterreng, med masse preparerte skiløyper, skitrekkk og lysløype....og ikkje minst flotte heiområder for "frigåing". Og nå er det snø og flotte forhold.

Eit godt tips: LØYEKJØRAREN PÅ GULLINGEN på Facebook. I tillegg til at han er rasande flink å kjøre flotte spor, så legg han ut info og bilder om snø, vær og løypeforhold på Facebook nesten daglegSmile Kjempetilbod.  I tillegg kan finne kart og meir info om ski og løypeforholda i heia på desse nettsidene Miljøstatus Suldal og Gullingen-sida.

Kok opp kakaoen, pakk sekken, ta turen !!

FaceBook

 I går 16 januar dumpa det ned nye rutehefter i postkassen, med verknad frå same dato.  Kolumbus melder at det er gjort små minuttjuseringar på enkelte ruter for å "bedre punktligheten"Smile...mellom anna er hurtigbåten nå på Nesvik kl 17.00 på kvardagane (i staden for 17.05). Har du ikkje fått ruteheftet, så finn du det ved å klikke på KOLUMBUS, så kan du sjekke om det er andre små endringar. Kolumbus melder òg om prisauke frå jan 2012, sjå meir på KOLUMBUS

FaceBook

Den siste tida har det vore mykje nedsett kapasitet på ferja pga farleg last. Norled sender ut SMS-varsel. Men obs : av og til kjem meldingane frå Norled RETT før avgang, som td i går 18 jan då Norled sendte ut melding om nedsett kapasitet eit kvarter før ferjeavgongen. Då var det kun 12 passasjerar som kunne bli med ferja. Me kan ikkje legge ut melding om slik nedsett ferjekapasitet her på nettsida, når varslinga kjem så kort før. Difor:

Bestill SMS-varsling på din mobil.  Send følgjande melding til TIDE på nr 2077:
Tide varsle 1027 - då får du SMS-varsel for Hjelmeland-Nesvik ruta.
Alle ferje-og rutebåtsamband har eit RUTENUMMER, så du kan bestille varsling på kva samband du vil. Finn rutenummer og få meir info på Norled/ TIDE SI NETTSIDE

FaceBook

Norsk Plan, kommunikasjonsbedrifta i Ryfylke som har designa nettsida vår, kommenterer i sin firmablogg den aukande trafikken på sida vår. Norsk Plan skriv mellom anna :
Stoffet er ultralokalt, akkurat slikt vi likar å lese om heimplassen vår".
Ja, me er ultralokaleWink....og det fortset me med: dette er sida der ingenting er for liteSmile

Men dei skriv òg at sida er ein open/alltid tilgjengeleg kanal frå bygda ut  til bygdefolk, skuleelevar, studentar og utflytterar som er interessert i kva som rører seg i Jøsneset. Det skal me òg fortsetje å vere. Vil du hjelpe oss? Send oss tips til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Heile omtalen om nettsida vår kan du lese i Norsk Plan sin firmablogg.

Og her er atikkelen PILA OPP FOR JOSNESET.NO IGJEN

FaceBook

Nå startar vinterens kjekkaste og trivslegaste eventyr: SKIKARUSELLEN 2012!

Set av følgjande datoar:

1. MÅNDAG 30. jan kl 18.00
2. TYSDAG 14. feb kl 18.00
3. ONSDAG 29. feb kl 18.00
4. TORSDAG 15.mars kl 18.00 inkl premiering Smile

SKIKARUSELLEN finn stad i lysløypa ved Gullingenhuset, og er eit kjempekjekt skikarusell-renn først og fremst for barn...og eit av Rogalands største, har me høyrt .  Det vrimlar av barn og vaksne i løypene kvart år; frå Vindafjord, Nesflaten, Suldal, Erfjord, Jøsenfjorden,Hjelmeland....og ja, sjølvsagt plar òg Jøsnesborna vere godt representert. På bildet ovanfor ser me to av Jøsnes-"veteranane" som forøvig går for mottoet "Hald saman" Kiss. Men for dei som kjenner konkurranseinstiktet boblar, er det gode moglegheiter for konkurranse om gode tider i tidtakingsklassen. Og  altså: for dei som heller vil "halde saman" er det trimklasse.

Påmelding med namn, klasse, trim/tidtaking innan 28.jan til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Les meir på nettsidene til SULDAL IDRETTSLAG.

FaceBook

Mandarinrose, Foto: Svanhild H Gbada

Kva vil vel gjere oss betre, nå midt i den mørke våte vinteren, enn ein kveld via til dei vakre roser ??  Nå har du sjansen: Hjelmeland Hagelag innbyr til
ROSEKVELD I TRIVSELSTOVA med Odd Haukås torsdag 26 januar kl 19.00.
Det blir servering av kaffe og kaker, sal av årer og utlodning. Les plakaten HER.
Og me er sikre på det blir slik det plar bli på Hagelagskveldar: knakande koseleg !! Velkommen !!

FaceBook


På reiselivsdestinasjons-sidene RYFYLKE og VISIT NORWAY er det lagt ut fantastiske 360-graders panoramabilder over fleire stader i Ryfylke. Fotografen Pål S Vindfallet Making View AS har flydd luftvegen langs Nasjonal Turisveg, og "stoppa" for å ta spektakulære bilder over eit Ryfylke kledd i blå himmel, blå sjø og irrgrøne jorder. Det er dette Ryfylke me nå drøymer om, midt i den våte, regnfulle mørke vinteren, og det er faktisk dette Ryfylke me har i vente når det vårast. Ryfylkereklame på sitt beste! Det er bilder mot Jøsneset òg; både frå Hjelmeland, Skomakarnibbå og Erfjord.
Klikk på bildet eller linkane så kjem du inn "eventyret" . Klikk vidare på blå fotopunkt i kartet. Det er nesten som å fly ballong!

FaceBook

Helselaget omdisponerte sine turar for nokre år tilbake, og då vart turboka på Høgafjell tatt vekk, sjølv om sjølve turen framleis skal vere godt merka og rydda. Her har helselaget framleis ansvaret. Men det viste seg kjapt at Høgafjell levde sitt eige liv og det var raskt på plass ei ny bok som "Høgafjell-nissen" tok ansvar for..

Også i år har det vore aktivitet på Høgafjell, det kjem fram av denne mailen som Sigurd Opedal har sendt til helselaget:

 

"Til info:

Turboka til Høgafjell hadde en marginal nedgang i 2011 i forhold til 2010.

Men allikevel var det 151 gjester som hadde signert i boka. Noen gjengangere hadde flere besøk, men det var også flere "nye" som hadde funnet veien... "

 

Det er kjekt at det fremdeles er aktivitet på Høgafjell, håpar "Høgafjell-nissen" får fleire besøk i 2012 dåSmile

FaceBook

Hjelmelandsfjord sin siste dag på Skiftun kai - eigar av orginal Olga Hjorteland

I fredagens papirutgåve av Strandbuenkunne me lese om Ryfylkemuseetsi digitale fotosamling som dei nå har lagt ut på nett. Her finn me òg mange fine bilde frå "gamle dar" frå Jøsneset.

Det er bilder heilt tilbake til 1800-talet, og òg av "nyare" dato; slik som her frå 1978 då Hjelmelandsfjord hadde sin siste tur innom Skiftun kai. Ein merkedag i Jøsneset si historie....rutebåttida var over!

Bildearkivet er enkelt å finne......Smile

...
FaceBook

I fjor på desse tider kunne me skrive om auka bruk av nettsida vår. Det gledelege er at det kan me skrive om i år òg !!

For sida vår blir stadig meir besøkt
Smile.

I fjor hadde besøkstalet auka frå ca 9500 besøkande til 13 500, altså eit auke i besøktalet på 4000. I år aukar me frå 13 500 besøk til  18 756, dvs ein auke på 5 256 besøk !!

Dette er supert; for sida vår er "smal"og målgruppa for denne bygdesida er relativt lita.
Dette viser òg at nettsida vår er ein kanal som når ut, så her må de vere frampå folkens om de har lyst å få formidla noko kjekt og positivt om og for Jøsneset.

FaceBook

 

"Jøsnes-spåkonkurranse 2011" var altså var ein konkurranse som gjekk for ca eit år sidan, der folk skulle spå/tippe på 15 spørsmål om kva som ville kome til å skje ila 2011. Det kan tyde på at Daniel pussa bra på spåkula si, for han fekk 8 rette, og blir nå vinnar av eit velsmakande økologisk villsau-fenalår frå BuhagenKiss Me gratulerer.

 

Han blei tett fulgt av Lene Kaldheim på 2. plass med 7 rette og Solveig Bog Bouzane og Jorunn Foss på 3.plass med 6 rette. Les meir om kva som faktisk skjedde i 2011 av dei tinga me spurte om - og korleis folk svara:

FaceBook

Nå blir turbøkene på postane bytta ut. Etter kvart som styret får bøkene inn, vil vi legge ut her kor mange besøk det har vore på kvar plass (tal i parantes er frå i fjor).

Det blir trekning i bøkene på årsmøtet til helselaget i februar/mars.

 

  • Gunlanuten: 189 stk (198)
  • Tausanibben: 134 stk (61)
  • Brynå: 672 stk (714)
  • Nesdalsfjell: 640 stk (488)
  • Håvehammar: 881 stk + 171 stk i barneboka (756 + 192)
  • Fosstemmen 323 stk (377)
  • Røssenibben 87 stk (85)
  • Valafjell       ?   stk   (100)
  • Norda Høgaste 72 stk (134)

 

Tausanibben har hatt over ei dobling av besøk frå i fjor, og det er bra! Brynå har gått litt ned, medan Håvehammar har ei lita auke frå i fjor, som er kjempebra då det her er høge tal frå før! Fosstemmen har gått ned litt. Røssenibben var notert med 100 besøk fleire, heilt til vi fant ut at det skuldast at første sida var revet ut fra i fjor.. Tongue out Dvs det er nokså stabilt besøkstal der likevel Wink Nesdalsfjell auka med ca 160 besøk, kjempebra! (Kan det ha noko å gjere med at det ikkje går dyr med svære horn der i år???)

Dette lovar svært godt for folkehelsa til Jøsnesbuen og andre som nyttar seg av turstiane våre Smile

Hugs at det er endring i premieringssystemet i år, no gjeld det å sanke poeng!! Vi tel poenga for deg, så det er berre å gåCool Sjå meir om poenga i turbøkene og i menyen til venstre under lag/organisasjonar og helselaget.

 

Då manglar berre bøkene på Valafjell og Norda Høgaste. Dersom nokon vil ta seg ein tur opp, gi beskjed så kan de få med boka.

Asheimstemmen (foto Svanhild Gbada)

FaceBook

Cesilie på Mixn Nauste på Nesvik melder om nye opningstider:

Man_fred kl 13-18

Lørdag og søndag 11-19

FaceBook

 Joda, me veit det er lenge til enda......men du må jo begynne å designe og snekre bilen din i god tid Wink

FaceBook

Jøsneset viltlag har ei ordning med stipend til folk i bygda som tek jegerprøven. Stipendet kan tildelast folk busette på Jøsneset, medrekna skuleelevar og studentar som tek utdanning andre stader, men ikkje har meldt flytting. Beløpet vart sett til 500 kroner. Stipendet vert å utbetala ved framlagd dokumentasjon på avlagd jegerprøve.

FaceBook

Barnetrimmen for småskule og storskulen starta opp 19.jan og fortsetter annenhver onsdag fram til og med 13. april. Oversikt over tider og ansvar for trimmen finner du på "Å vera med på" til venstre i menyen.

FaceBook



Me har fått ei pressmelding frå Rios heite sandstrender: 

"OJ Events, Sekreteriatet & Norsk Toppvolley avd. Skiftu"  planlegg nå  SKIFTUDAL OPEN 2011.

Les pressemeldinga HER

FaceBook

 


Etter nyttår har det vore aktiv skoging langsmed Skiftubekken , og landskapet opnar seg opp og utsikten blir flott.

FaceBook

Det vart delt ut bøker til dåpsskulen.

 

FaceBook

  Volleyballtreninga blir flytta frå torsdagar til ONSDAGSKVELDAR, kl 20.00 Gymsalen.

FaceBook

Hjelmeland Jakt-og fiskelag/Hjelmeland Skyttarlag og Hjelmeland Frivilligsentral arrangerer nå JEGERKURS.
Påmeldingsfrist er 21. januar 2011.
Les meir om kurset og kor du melder deg på HER

FaceBook

Julatrefestkomiteen hadde gjort ein god innsats og folk fekk ein koseleg julatrefest laurdag 08.01.11. Vi koste oss med graut og julakaker, gong rundt julatre og litt leiker. Spesielt engasjerte vart både born og vaksne av konkurransen om å lage den lengste remsa ut av eit A4-ark..

 

FaceBook

Sjå under "næringsliv" til venstre i hovudmenyen for lokale varer.

FaceBook

Det blir familiegudstjeneste på Jøsneset Bedehus sundag 16 januar kl. 13.00. Dei som vil sleppe å reise til Hjelmeland denne dagen, kan i staden møte opp på Jøsneset. Det er to barn som skal døypast denne sundagen på Jøsneset. Så vidt me kjenner til er det berre eit barn som er døypt før på Jøsneset Bedehus.

FaceBook

Mange hyttefolk i Øygarden og Knutsvik synes det var litt dumt  at turboka på Høgafjell måtte vike i fjor.

FaceBook

Kun 106 dagar til PåskerevyenLaughingLaughingLaughing

Joda, for revygjengen har alt begynt å lea på seg - så Påskerevy skal det bli i år òg !!!  Har du lyst å bli med i revygjengen, så kom an !!

FaceBook

Skiftun Fiskemottak har planar om å utvide drifta si til òg å omfatte sal av fisk. Dette skal skje i dei tidlegare meierilokala på Sand.
Les meir om dette i Suldalsposten.

FaceBook

Nei, dette er ikkje bilde av KorLøye......såå mange og såå "styla" er me dog ikkje.
Men KorLøye er likevel klar med sesongstart på mandag 10 jan kl 19.30 Jøsenfjorden. Deretter annakvar mandag Jøsneset og Jøsenfjorden

FaceBook

Redaksjonen hadde nyleg kontakt med "ein ivrig wikipedianar", som m.a. har skrive om Jøsneset på Wikipedia. Lurer du på kva Wikipedia er: sjå HER.

Nå har han òg lagt ut link til nettsida vår på Wikipedia.
I dag 02.01.2011 var det plutselig 153 gjester inne på sida vår på ein gong.  Kanskje berre tilfeldig, eller......?

(det vanlege er meir rundt+/- 10 gjester Wink)

FaceBook

Foto: Dagsavisen

Nytt år - nye utfordringar. Ingen VEIT kva året vil bringe.

Men alle:  store, små, unge, gamle kan bli med å SPÅ JØSNESET SI FRAMTID 2011.

Send inn dine svar på dei 15 spørsmåla nedanfor innan 15.februar 2011, så er du med på Jøsneset Ungdomslag sin SPÅDOMS-KONKURRANSE 2011 :

FaceBook

images/ung/curling3s.jpg
Vindkasta slo inn på tvers; men trass i tøffe forhold, blei det òg ein tøff og artig kamp på isen om poenga.

FaceBook

Å lage skeiseis er visst omtrent som å støype lys.........det trengs god tolmodighet og stadig påfyll og litt etter litt bygge det på seg !  I ballbingen har det blitt dusja med vatn i fleire dagar, og nå er bingen klar for skeise-aktivitetar.

Så hiv på deg skeisene ........her blir det moro !! Cool

FaceBook

I dag tidleg 08.01 blei det målt minus 16,5 på strekket Skiftukrossen - Mikals Laks. Er det kulderekord i bygda?? 
Har du målt kaldare nokon stad, så meld inn til oss Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så får me sjekke ut kor kulderekorden ligg !

FaceBook

images/ung/binge1.jpg

I dag/kveld var det full dugnadsaktivitet i ballbingen igjen . Forholda ligg ypperleg til rette for å få til skeiseis i bingen - med minus 10-15 kuldegrader i lengre periode.  Einaste ulempa var all snøen som måtte vekk!! Snøfresar viste seg ikkje å vere særleg effektiv til slikt areal. Men den vesle blå traktoren til Joachim smøyg seg fint inn i bingen, og var svært effektiv som snøskuffe.

images/ung/binge2.jpg

Utpå kvelden var bingen såpass snøfri at vatnet blei sprøyta på. Brannmannskapet fekk øve seg på utstyrs-bruk i sprengkulde (som i seg sjølv er viktig å øve på), og dei stilde både med traktor, vannvogn, pumpe, slangar og ikkje minst god bemanning ! 

Koss enden på visa blei, dvs kor god isen blei, var ikkje klart i skrivande stund........men følg med på nettsida her, så tipper me at det snart dukkar opp bilder av skeisande barn og elegante kunstløpdamerKiss

FaceBook

Som kjendt: Bygdaposten er nå eit avslutta kapittel. Bygdaposten si nettside er tatt bort, og du har lest ditt siste nummer av den.

Nå er det STRANDBUEN som blir vår nye lokalavis, og den skal altså dekke både Hjelmeland, Strand og Forsand. Første nummer kjem ut i dag 06.jan 2010.  Me vil nå få lokalavisa to gonger pr veke i staden for berre ein. Det blir elles spennande å sjå kva vinkling og "tyngde"  lokalstoffet frå Hjelmeland vil få. Vil me forsvinne mellom Jørpelands- og Forsandsstoff??
Journalistane i Bygdaposten har "fulgt med på lasset" og har difor framleis ansvaret for å få lokalstoffet vårt ut og fram.

Følg med både i papirutgåva og på nettsida til Strandbuen.

FaceBook

skidag på Foss Helselaget sin skidag på Foss 10.01.10

Flott skivær på Foss denne dagen, løypene var flotte og merka opp med granbar akkurat som på skiløp på TV. 48 ivrige vaksne og barn stilte opp for skigåing, aking, pølsegrilling og juletrekasting.

FaceBook

Ei av føremonene med å bu på Jøsneset, er kort og ferjefri veg til flott skiterreng.

images/JUL/Bilder/ski.jpg          images/JUL/Bilder/ski1.jpg

"Den gyldne halvmeteren" med nysnø som falt sist veke, kombinert med det stille solskinnsværet, skapte påskeaktige opplevingar på Gullingen og Hedlebrekk dei to siste helgene i januar.  Det flotte skiterrenget ligg berre ein god halvtimes kjøring frå Jøsneset.

Både på Hedlebrekk, ved Mosvatnet og innover frå Gullingen er det kjørt opp flotte løyper. Føret er glitrande og snøen mjuk, og det er ein gjeng som jobbar for at du skal få gode forhold.  Sjekk ski- og føreforhold her.

images/JUL/Bilder/ski2.jpg

Og skulle du lengte heim nå du er på ski, så ta turen til Høghei eller Natlandsnuten, så ser du "liga te" Jøsneset. Bildet over er teke frå Høghei, og ein ser frå høgre: Gunlanuten, Røssenibben og Lauvåsen/Fister.

 

 

FaceBook

Veke 4 var heile 8.klasse på Hjelmeland Ungdomsskule, inkludert dei 7 Jøsnesgutane,
på leirskule på Gullingen.


Der opplevde dei masse gøy og moro, og masse vær.....og det blei det radioprogram av.
NRK v/Naturens Verden var med på ein forrykandes skitur i kuling og på kaldt isfiske på Mosvatnet.
Gjekk du glipp av radioprogrammet. Lytt her

Har du lyst å sjå bilder frå leirskuleopphaldet, sjå her

Og dessutan: GULLINGEN har fått ny, fin nettside

FaceBook

Heile Ryfylke er nå samla til "eitt rike" - iallfall på nett!
  images/ryf.jpg

FaceBook

Før jul sendte Statens Vegvesen og Tide ut eit forslag til nye ferjeruter for Hjelmeland-Nesvik-Ombo sambandet. Forslaget kan du sjå her.

Forslaget har nå vore på høyring her lokalt, og ettersom ferja er ein viktig del av kvardagen til bygdene her, har det kome ein del merknader.

Nedanfor kan du lese uttalane ved å klikke deg inn på avsendarane:

- Hjelmeland kommune
- Jøsneset Bygdaråd
- Jøsefjorden Bygdeutval
- Dagpendlerar
- Søre Ombo Bygdaråd , to uttalar

Det er enda ikkje avgjort korleis dei nye rutene blir, men etter planen skal dei gjelde frå 01.05.2009

images/bilder/hjelm01.jpg

FaceBook

KLAR, FERDIG….. TRIM FOR VAKSNE OG KLUBB FOR SMÅ

Ungdomslaget har nå starta på vårsesongen med barneklubb i Trivselstova. Det blir to aldersgrupper og ulike aktivitetar ca annakvar onsdag. Programmet for våren 08 finn de under Kalender.
-----
Elles har Ola Skiftun sagt seg villig til å ha trim for vaksne. Dette er eit kjempegodt tilbod for alle som føler seg litt stive og støle etter den gode juletid. Møt opp både kvinner og menn til ei god trimøkt i godt lag! Trimmen foregår i gymsalen, tysdagskveldar. Sjå programmet under Kalender.

Meir aktuell info frå Ungdomslaget finn de under menyen Lag/Organisasjonar og undermeny Ungdomslaget.

Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook

OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang.

TYSDAG 08 JANUAR
Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend
1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend
5-7. klasse: kl. 19.00-19.45. Ansvar: Ola Skiftun

TYSDAG 22 JANUAR
Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend
1-4 klasse: 18.15-19.00 Ansvar: Silje eller Øyvind Oaland
5-7. klasse: kl. 19.00-19.45. Ansvar: Ola Skiftun

TYSDAG 05 FEBRUAR
Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Ingeborg Westersjø
1-4 klasse: kl. 18.15-19.00 Ansvar: Jarle Langvik
5-7. klasse: kl 19.00-19.45. Ansvar: Ola Skiftun

TYSDAG 26 FEBRUAR
Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend
1-4 klasse: kl. 18.15-19.00 Ansvar: Terese Loktu eller Terje Bremnes
5-7. klasse: kl. 19.00-19.45 Ansvar: Ola Skiftun

TYSDAG 11 MARS
Under skulealder: kl. 17.30-18.15 Ansvar: Ingeborg Westersjø
1-4 klasse: 18.15-19.00 Ansvar: Svanhild eller Brahim Gbada
5-7. klasse: kl. 19.00-19.45. Ansvar: Ola Skiftun

Vi held fram med trim også i april i år, dersom det er interesse for det. Eige oppslag om datoar i april kjem seinare.

Dersom ein oppsett dag ikkje passar for dei som skal ha trimmen, så bytter ein eller finn ein annan til å vere med.

Arr. Jøsneset helselag, kontaktperson: Jorunn Foss tlf 99638803

Sjølve nyttårsfeiringa på Jøsneset gjekk roleg for seg i stilt og fint vintervær.

Men fredag 4 og laurd 5 januar braut uværet laus for fullt over bygda – slik som over resten av distriktet. Kraftig vind i nesten eit døgn gjorde store skader fleire stader i bygda. Aller størst materielle skader blei det på Foss, der minkfarmen til Ingeborg og Sven Westersjø blei totalskadd av dei svært kraftige vind-råsene fredag kveld. Mange frå bygda deltok i det vanskelege leitearbeidet etter rømt mink.



Mykje trær/skog blei òg øydelagd – særleg i området ned mot Fosså/Foss-krossen. Store, kraftige trær knakk tvers av, og både fylkesvegen og vegen ned til Fosså var sperra av falne trær. Vedlageret og bilen til Øyvind Oaland (foto) blei totalskadd av to digre grantre. Bygda var utan straum i om lag 7 timar. Men heldigvis var det ingen personskader i samband med uværet.

Har du bilder frå stormen, så send de gjerne inn.
Les meir om stormen på www.bygdaposten.no

FaceBook
Facebook