Mix-kjeden har jamnlege, landsomfattande kampanjesalg-konkurransar, og dagleg leiar, Cesilie Waaland, melder Naustet av og til på dette. I vår var dei med på dette to gonger; mars og mai månad.  Det var då om å gjere å vere best av alle Mix-butikkar i å selge mest av månadens kampanjetilbod; som då var cola eine månaden og pølser den andre månaden. 

Og jammen slo Mixn Naustet på Nesvik til med seier begge gongane!!!  Og dermed vant dei to middelhavscruise-bilettar !!  Dei har nå hatt loddtrekning blandt dei tilsette om bilettane. Dei to heldige vinnarane reiser første helga i september til Adriaterhavet saman med innehavarane Cesilie Waaland og Jarle Langvik (som pent betalar bilettane sjølve).  

Cesilie seier slike konkurransar er ein positiv motivasjonsfaktor for dei tilsette - og dei vant fordi dei tilsette stod på for å auke salet. Så turen er ærleg fortent!

Me gratulerar Naustet, og ønskjer alle fire ..CoolCoolCoolCool...eit flott og avslappande cruise på luksusskipet MSC Opera !! 
images/JUL/Bilder/cruise.bmp

FaceBook
Facebook