Jøsnesbuen Joar Rosså deltok i helga i NM i saueklipping i Bjerkreim - og gjorde der ein bra debut i meisterskapssamanheng. Joar kom vidare til finalen i sin klasse, Maskinklipping Junior, og fekk til slutt ein fin 6.plass!  images/jos03.jpg

Joar klipte 3 lam i finalerunden, og det på tida 7 min og 1 sek ! Han var den nest raskaste i finalen! Men det er ikkje berre om å gjere å klippe raskt. Resultatet; dvs utsjånaden på sauen, skal òg vere bra ! Det er om å gjere å få minst mogleg poeng. Ein får t.d. poeng på dobbelklipp og skade i skinn. Joar fekk til slutt 66,383 poeng, medan han som vant fekk 35,667 poeng (og klipte på 6 min). Sjå resultatlistene frå finalerundane her .

Joar er fornøyd med innsatsen, og syns det var kjekkt å delta. Og etter det me forstår har han "meir å gå på" - så med denne meisterskapserfaringa bak seg, så lurer me på om han ikkje slår til enda eit hakk betre til neste år!!? Og elles melder han at han  ikkje har vondt i ryggen etter helgas innsats!

Me bøyer oss i støvet - og gratulerar med flott innsats !! Smile

Ein annan Hjelmelandsbu deltok òg i NM: Dyre Nessa frå Nessa. Han kom på 5 plass i seniorklassen. Gratla til han òg !

Lyst å vite meir om dette store og spennande meisterskapet?? Du finn meir om både NM og VM her .

FaceBook
Facebook