Jippi - for 11.gong vil HARDHAUSEN bli arrangert i høgheia på Jøsneset - og som vanleg skjer dette på 1.pinsedag - i år søndag 9.juni !  Dette er eit ikkje-konkurranseprega arrangement - det er ei vandring frå topp til topp på Jøsneset - der "alle er vinnarar". Me har likevel premiar på lur til ulike deltakargrupper - og det blir trekt ein vinnar av 3-nutsdeltakarane og ein blir trekt ut som Hardhaus !

Fosstemmen 380 moh er basen for arrangementet - hjarta i Jøsnesheia. Her ligg gapahuken "Kalvagaren" der påmelding/start finn stad mellom 8.30 - 10.00 søndag 9.juni - 1.pinsedag.
Her er sekretariatet på plass heile dagen og me tenner bål og lager til grillplass og det er kanoar i vatnet og fin strand til å bade frå .  Og kl 15.00 blir det  premiering !  

Også i år ønskjer me at deltakarane går opp til start ved Fosstemmen, slik at me unngår bilkjøring opp på skogsvegen langs beitemarkene . Skogsvegen opp hit er kjørbar; men er bratt og smal  ikkje berekna for bilkjøring, og det er ikkje parkering oppover. Av tryggleiksgrunnar er det difor best at bilane blir parkert på Foss.
Lettast er å gå frå Åsland til Fosstemmen på merka sti, eller god/bratt skogsveg frå Foss. Turen til start vil jo då forlenge og forsterke prestasjonen - men er ein Hardhaus, så er ein Hardhaus wink

PARKERING FOSS: på plass v/start skogsveg, eller ut langs landbruksveg mot det store sauefjoset til Sven Westersjø
PARKERING ÅSLAND: på offentleg p-plass v/start heilt oppe på Åsland, på plass litt ovanfor eller på vedlagringsplass litt lengre nede i bakken. Sjå markering.

ALTERNATIV START FRÅ ÅSLAND  NB : gjeld dei som veit de skal gå Hardhausen, altså alle 4 toppar:
E
in MÅ ikkje via Fosstemmen for påmelding.   På Åsland vil de finne eit skilt med info på. Send ein SMS til arrangør 97 00 76 36 Svanhild frå Åsland om NÅR du går og KVEN du er, så veit me at du er ute i løypa. Der kan de gjerne òg VIPPSE påmeldingsgebyret til Jøsneset Helselag VIPPSNR: 562037
Frå Åsland kan du følgje merka sti direkte opp til Norda Høgaste, og deretter den vanlege Hardhaus-løypa vidare. Denne alternative starten er på ingen måte letttare, for stien går rett opp med god stigning heile vegen, men ein sparer noko distanse.

3-NUTS-TUR: Gunlanuten 829 moh Røssenibben 718 moh og Valafjellet 713 moh
HARDHAUSEN: dei 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh 

Hardhausen m/utgangspunkt i Åsland er ca 19,5 km totalt.

Kartet under viser den normale løypa - Det er lov å gå kor du vil - du treng ikkje følgje løypa - men dei trasèane som er vist på kartet her er godt merka i terrenget med røde merker og skilt.  Den grå linja er god skogsveg - resten er sti.  Kartet er kun eit oversiktskart.
Alle kan få utdelt dette kartet ved start; også med påtegna umerka snarvegar og kontaktinfo til arrangør

Det blir NØTTE- OG SAFTSTASJON ved Gunlabu, DVs i stikrysset mellom Gunlanuten og Røssenibben

 

Påmelding ved Fosstemmen kl 8.30 - 10.00

Deltakaravgift er:

150 kr pr pers medlem
200 kr pr pers (ikkje medlem)
50 kr barn 1-10 klasse
Mindre barn gratis

 

KORLEIS KOME SEG TIL JØSNESET??
Frå Stavanger: ta Tauferja - kjør RV13 til Hjelmeland. Ferje over til Nesvik. Sving av til venstre mot Skiftun og deretter til høgre til Foss. Ca 2,5 km frå ferjekaien. Frå Suldal: kjør RV13 til Nesvik, sving av mot høgre til Skiftun og deretter til høgre til Foss

Du kan òg starte turen frå Åsland: kjør då frå Nesvik ca 3km, sving mot høgre til Åsland, følg vegen heilt til endes.

kart over halvøya Jøsneset. Startpunktet Fosstemmen 380 moh er vist med rød markør. Merka løype frå Foss og Åsland.

Toppane ligg i dei kvite/høge områda rundt startområdet. Du har utsikt mot tre fjordar; så kvar topp har flott utsikt å by på.

KLIKK PÅ KARTET UNDER, SÅ KJEM DU INN I GOOGLE-KARTET:

Følg med - følg med!!
Gå inn og lik Jøsneset på Facebook og følg med på hendinga HARDHAUSEN2019 på Facebook . Her kjem det meir info fortløpande.

Set av 1. pinsedag !!

Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse Jøsneset Helselag

 

 

FaceBook
Facebook