Sjå nettsida www.pulsklubben.no for eit nytt tilbud som Nasjonalforeningen for folkehelsen har presentert.

Pulsklubben er for barn mellom 6 og 12 år. Her kan du registrere den fysiske aktiviteten du gjer, av forskjellig slag t.d skigåing, sykling, hoppe tau, gå tur m.m. Aktiviteten blir rekna om til pulskilometer, og du kan deretter oppnå bronse, sølv og gull "medalje" på sida. Du kan skrive ut diplom for kvar medalje du samlar.

Dette kan vere ein kjekk motivasjon for dei minste til å vere aktive og sjå kor mykje det blir av.

sjå også meir informasjon på www.nasjonalforeningen.no

FaceBook
Facebook